— Det har kome mange utgreiingar som viser ulike resultat, seier Irene Johansen, Arbeidarpartiet si talskvinne i jernbanesaker.

På eit seminar i Oslo før helga felte konsulentselskapet Econ Pöyry det som fleire meiner, og håpar, er den endelege dommen over visjonen om høgfartstog mellom Oslo og dei store byane i Sør-Noreg.

Berre på strekninga Oslo-Trondheim ville utbygging til høgfartstog påføra samfunnet eit tap på 57 milliardar kroner.

— Legg vekk planane og gløym dei, sa seniorøkonom John Magne Skjelvik i Econ Pöyry.

Feil å ta med sysselsetjing

— I november 2007 fortalde tyske ekspertar på området at høgfartstog Oslo-Trondheim ville gje samfunnet ein gevinst på 4 milliardar kroner. Kva har den tyske VWI-gruppa gjort feil, etter Econ si meining?

— Tyskarane har m.a. rekna inn verknader av sysselsetjing under bygging og drift av høgfartsstrekninga. Etter vår meining har dette ingenting i ein slik analyse å gjera. Det kan ha noko for seg i eit land som Tyskland, med stor og permanent arbeidsløyse. Men ikkje i Noreg.

— På den positive sida har tyskarane også rekna inn lågare utgifter for flyselskapa, som flyg mindre når dei taper passasjerar til toget. Samstundes har dei «gløymt» å ta med flyselskapa sine bortfall av inntekter. Det skulle vel gå opp i opp, seier John Magne Skjelvik, som legg til at det også er funne vanlege reknefeil i arbeidet til den tysk-norske VWI-gruppa.

Ikkje bra nok

Irene Johansen meiner likevel at den norske måten å rekna kost og nytte på er mangelfull.

— Høgfartstog er eit prosjekt som kan ha store regionale verknader for både busetjing og næringsliv. Og vi meiner at verknader for sysselsetjing også bør reknast med, seier Irene Johansen.

Både Irene Johansen og Høgres Øyvind Halleraker viser til at Stortinget har bede Samferdsledepartementet om ei vurdering og drøfting av den norske metoden for kost-nytte-rekning samanlikna med den tyske.

— Eg er kritisk til Econ-rapporten. Den er ikkje bra nok. Rapporten har ikkje tatt opp i seg alle dei tinga Transportkomiteen etterlyste i fjor i samband med innstillinga til statsbudsjettet.

Overskot på Bergensbana

Høgre køyrer altså sitt løp og vil truleg programfesta Høgfartsringen. Tog i opptil 250 kilometer i timen skal gå Bergen-Stavanger-Kristiansand-Oslo-Bergen. Driftsstart i 2025.

Selskapet Multiconsult har gjort ein analyse som viser eit årleg driftsoverskot på 1,4 milliardar kroner for Bergensbana. Saman med m.a. reduserte tids- og transportkostnader kjem gevinsten for samfunnet opp i 2,7 milliardar kroner.

Men Halleraker medgjev at investeringane må dekkast av staten. På Bergen-Oslo varierer utrekningane frå 50-60 milliardar til 90 milliardar kroner.

Og før langdistansane kan byggjast ut, må startstrekningane ut frå Oslo gjerast klare for trafikk: nedover i Østfold, mot Hamar, til Hønefoss og mot Skien.

— Vi må få opp farten. Dobbeltspor for 250 kilometer i timen der det er mogleg, seier Irene Johansen, som nett no skriv innstilling om dette til statsbudsjettet for 2009.

Kva meiner du om framtida for høgfartstog i Norge? Skriv meininga di.

PATRICK LEVEQUE