Berre timar etter at fylkestinget i går sa nei til planen Samferdsledepartementet har lagt for å rassikre stamvegsambandet, kontakta Navarsete vegdirektøren. Der fekk han melding om å halde fram planlegginga med sikte på gravemaskinene skal kome på plass neste haust.

— Eg nyttar meg av styringsretten eg har til å setje fylkestingsvedtaket til sides, seier statsråden. Ho viser til at rassikringsmidlane er statlege pengar som departementet i siste instans avgjer korleis skal brukast. Ho peikar også på tidlegare fylkestingsvedtak om å prioritere den rasutsette strekninga langs Jølstravatnet.

Noko ekstraløyving blir det derimot ikkje snakk om.

— Nei, eg har heile tida sagt at eg meiner rammene til rassikring i Sogn og Fjordane må aukast, og vil arbeide for dette. Går det som eg håpar og trur, skal det kome meir midlar når nasjonal transportplan skal rullerast neste gong. Då vil også dei prosjekta mange fryktar no vil bli skubba ut i tid, kome inn att på planen. Men eg kan ikkje skrive ut nokon garanti.