• Vi må vera tøffe, seier fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen (H), og lovar harde tak for å skjera ned fylkeskommunen sine utgifter i 2005.

JOHN LINDEBOTTEN

— Det betyr til dømes at fylket vil ha klåre liner overfor kommunane når det gjeld ansvaret for elevar med psykiske problem og opplæring av multihandikappa elevar. Vi vil få fastslege kva som er kommunane sitt ansvar og kva som er fylket sitt. Fylket skal ikkje lenger ta ansvar for tiltak som det ikkje har ansvaret for, seier Tom-Christer Nilsen.

På skulesektoren kan sparepolitikken føra til at skuledagen på vidaregåande vert utvida til klokka 17, i ei slags toskiftsordning.

— Der går grensa før lærarane har krav på ekstrabetaling. Utvida skuledag gjev oss høve til å utnytta betre dei skulane vi har, i staden for å byggja nytt. Elevtalet vil i åra som kjem auke med rundt rekna 600 i året. Det tilsvarar ein heil vidaregåande skule kvart år, og aller størst er auken i Bergensområdet, seier Nilsen. Han minner om at ny skule i Olsvik er under bygging, og at det snart vert byggjestart på Sørås.

Ulike organisasjonsmodellar skal og prøvast ut for å auka talet på elevar i kvar klasse. Men Nilsen strekar under at fylket ikkje vil setja seg ut over det som er lovleg øvre grense.

Færre elevar til Rogaland

Hordaland fylkeskommune vil og redusera utgiftene ved å senda elevar til Rogaland. I dag er det 240 eleverar frå Hordaland som kryssar fylkesgrensa i sør. Men 60 til 80 elevar frå Sveio som i dag går på skule i Haugesund kan flyttast over til ledige plassar i Sunnhordland.

— Vi forstår at elevane frå Sveio gjerne vil gå på skule i Haugesund. Kanskje kan dei halda fram med det dersom vi får forhandla ned prisen vi betalar til Rogaland for dette.

Elles går fylkesutvaraordføraren ut frå at støtta til Manger Folkehøgskule vert teken bort frå 2005/2006. Og eigedomar som fylkeskommunen ikkje nyttar til tenesteyting skal seljast unna til best mogleg pris. Det gjeld t.d. delar av Vestlandsheimen, på Melkeplassen, Valen kraftverk, Strandebarm husmorskule og Hovland gard på Hagavik.

Ikkje samrøystes

25 millionar spart er målet for neste år vedteke av fylkestinget før jul i 2003 som «Program for økonomisk handlefridom». Det er ei prosjektgruppe med fylkesvaraordføraren som leiar som no legg fram konkrete forslag til korleis denne summen skal sparast inn neste år. I gruppa sit elles Terje Søviknes (Frp), Pål Kårbø (KrF), Magnar Lussand (Sp), Gisle Handeland (Ap) og fylkesrådmann Paul M. Nilsen frå fylkesadministrasjonen. Eystein Venneslan har vore prosjektleiar.

Tom-Christer Nilsen vedgår at innstillinga frå gruppa ikkje er samrøystes. Vedtaket i fylkestinget i fjor vart då og gjort med 30 mot 27 røyster. Med andre ord posisjon mot opposisjon.

Innstillinga frå prosjektgruppa skal handsamast på fylkestinget, som vert halde i Bergen midt i oktober.