— Vi prøver alt vi kan for å få sett inn gassdrivne tankbilar, seier rådgjevar Aksel Skjervheim hos gassleverandør Gasnor AS. Han avviser at miljøvinsten med gassdrivne ferjer går opp i spinninga med dieseltransportert ferjegass frå Kollsnes i Øygarden til Halhjem i Os, og legg til at dieselforbruket i trailertransporten berre utgjer ein halv prosent av gassmengda som blir køyrt til Halhjem.

-Reduksjonen i NOx-utsleppa på dei i alt fem gassferjene på Bjørnefjorden og Boknafjorden tilsvarar utsleppa til 160.000 personbilar, eller heile bilparken i Oslo. Og dei tre ferjene mellom Halhjem og Sandvikvåg representerer brorparten av reduksjonen.

Gasnor har fått kontrakten med Fjord1 om levering av kring 25.000 tonn LNG (flytande naturgass) i året til gassferjene. Gassen til dei tre Halhjem-ferjene blir levert frå anlegget på Kolsnes via to gasstankar på Halhjem ferjekai, gassen til ferjene på Boknafjorden skal leverast direkte på fartøya med tankbil frå Gasnor-anlegget på Karmøy.

Gasstankane på Halhjem er lagt til rette for alternativ fylling ved hjelp av Gasnors gassdrivne tankbåt.

-Vi prøver å få bygt om tankbilen frå diesel- til gassdrift. Problemet er at det i dag ikkje finst gassmotorar store nok til 50 tonns trailerar.