Torsdag 12. juni i år vart mannen stoppa i Førde i ein uregistrert bil, etter at politiet hadde fått tips om aktlaus køyring på E39 mellom Jølster og Førde. Bak rattet sat ein 56-åring som hadde det svært travelt med å rekke andre dag av si eiga straffesak.

Stoppa tre-fire gonger

Då han vart stoppa, hadde han tilbakelagt cirka ti mil i den uregistrerte bilen. Politiet tok frå mannen førarkortet på staden.

Men ingenting tyder på at 56-åringen har hatt planar om å gje opp bilkøyringa av den grunn.

— Politiet har fått ei rekke meldingar om at han framleis kjører rundt i bil, og vi har allereie stoppa han tre eller fire gonger i tida etter beslaget, seier politiadvokat Erling Melvær ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ifølgje Melvær er bøtestraff det vanlege når folk blir tatt for køyring utan gyldig førarkort.

— Men i eit slikt tilfelle, der vedkommande blir stoppa gjentatte gonger, byrjar det å nærme seg fengsel utan vilkår, seier Melvær, og viser til ein fersk dom i Fjordane tingrett.

Der vart ein mann dømt til 30 dagar på vilkår for fire tilfelle av køyring utan førarkort.

At dei straffbare forholda skjer etter at straffesaka mot mannen er avslutta, men før dommen har falt, kan også få betydning.

Svindel og dokumentfalsk

Politibetjent Hanne Heggen ved Eid lensmannskontor opplyser at dei vil ta opp formelt avhøyr av mannen like over helga.

Ho fortel at politiet i tillegg til eigne observasjonar har tatt opp forklaring frå fleire vitne som skal ha sett mannen kjørande til ulike tider.

I Fjordane tingrett står den 56 år gamle nordfjordingen tiltalt for omfattande avgiftsvindel, skattesvik og dokumentfalsk i samband med bilimport og utleige av polsk arbeidskraft.

Mannen er også tidlegare domfelt for blant anna svindel og dokumentfalsk.

Aktor la tidlegare denne veka ned påstand om to og eit halvt års fengsel. Dom i saka er venta etter fellesferien.

KØYRER VIDARE: Politiet har fått melding om at 56-åringen stadig køyrer bil, og vil no avhøyre den førarkortlause mannen. Her fotografert køyrande i Nordfjord ei vekes tid etter at han vart fråteken lappen.