Klokka 07.30 fekk politiet melding om at ein personbil hadde køyrd utfor vegen ved Bjørkum bru i Lærdal.

Politiet veit ikkje når bilen køyrde utfor, og den var tom for folk då den vart oppdaga. Spor i bilen tyder på at den var stolen, opplyser operasjonsleiar Kjetil Avsnes i Sogn og Fjordane politidistrikt.