Sambuarparet var på veg til jobb i Førde tirsdag morgon, då dei blei overraska av snøfall og sklei utfor vegen ved Redalslia. Bilen gjekk ifølgje firda.no rundt fleire gonger før han hamna på taket i ei steinrøys. Ulukka skjedde i 6:30-tida tirsdag.

— Blei paralysert

Engebø klarte å koma seg ut sideruta på bilen ved eiga hjelp, men Hellenes var framleis igjen i bilen. Kort tid etter ser han ein annan bil koma mot dei, og bilen landar oppå bilen til sambuarparet - der Hellenes framleis sit.

— Eg såg bilen koma nedover og at han kom til å treffa bilen vår, seier Engebø til firda.no.

— Eg blei nok litt paralysert og rakk ikkje å tenkja så mykje. Det var berre flaks at bilen blei liggande på sida på taket av bilen vår og ikkje rulla vidare. I så fall ville han ha treft meg, sidan eg stod utanfor bilen, seier Engebø til Nettavisen.

Kom uskadde frå det

Etter å ha konstatert at både Engebø, Hellenes og føraren av den andre bilen var uskadde, karra dei tre seg oppover steinrøysa og opp på vegen. Der fekk dei stoppa to andre bilar, som køyrde dei heim, ifølgje Nettavisen.

— Me har vore på legevakta. Lillian har ein liten blåveis og eg eit lite skrubbsår, og etter kva eg høyrer fekk den andre bilføraren berre skrubbsår han også. Men bilen er køyrd på skraphaugen, har eg fått beskjed om, seier Engebø til Nettavisen.