• Eg vil opp att på ski i morgon! Arild Samnøy (snart 13) frå Skulestadmo let seg ikkje skræma av ei nifs utforkøyring og eit iskaldt bad.

ARNE HOFSETH (tekst og foto)

I går vart han køyrt til Voss sjukehus sterkt nedkjølt etter eit ufrivillig opphald i kaldt elvevatn, i ulideleg lang tid.

— Kor lenge eg stod i elva, med vatn opp til livet, veit eg ikkje, men kompisen min henta hjelp så fort han kunne, seier Arild til Bergens Tidende.

Fall 3-4 meter

Arild Samnøy og Stig Martin Tryti dreiv laussnøkøyring på twintup-ski attmed utforløypa på Voss då Arild køyrde utfor eit 3-4 meter høgt stup. Han landa om lag ein meter ovanfor eit hol i snøen som dekker elva. Deretter gleid han ned i holet og vart ståande i kaldt elvevatn opp til livet. Han greidde å få av seg skiene og fiska dei opp frå elvebotnen med føtene. Skiene er av den typen som har tupp både framme og bak, slik at dei lett går baklengs.

— Eg prøvde å pressa skiene inn i snøen slik at eg kunne bruka dei til stige, men det gjekk ikkje, fortel Arild til Bergens Tidende, under ei god og varm dyne på intensivavdelinga ved Voss sjukehus.

Redda av kompisen

Stig Martin fekk fart på skiene sine, og kom attende bakpå ein snøscooter. Folk frå Voss Fjellheisar hadde med seg tau med ferdigknytt løkke som Arild tredde over hovud og skuldrer og fekk den plassert under armane. Dermed kunne han lett heisast opp, køyrast med snøscooter og ambulanse til sjukehuset.

— Kvar vart det av skiene?

— Veit ikkje. Dei ligg kanskje i elva.

— Så du må leita fram gamleskiene dersom du skal på fjellet i morgon?

— Nei, det andre skiparet er faktisk nyare, konkurranseskiene mine, seier Arild, som dermed røper at han er aktivt med blant alpinistane i IL Ørnar.

Ikkje rart at han blir sur dersom legane vil halda han på sjukehuset natta over.

— Det er forresten greitt på sjukehuset også. Middagen var god, røper han og skottar bort på restane av sjokoladepuddingen med vaniljesaus. Han vart rett og slett mett, men sjukesøstra gjekk med på å la favorittdesserten hans stå att, så han kunne eta resten seinare.

Det gjorde han nok - før han vart skriven ut. For Arild slapp å vera natta over på sjukehuset.

Fjellfolk åtvarar

Turid Samnøy, mor til Arild, prisar seg lykkeleg over at dei to kameratane held seg i lag. Ho vil ikkje kritisera Fjellheisane for manglande merking av stupet og holet over elva.

— Dei leika seg i laussnøen utanfor løypene, og det kan vanskeleg forlangast at heile fjellet skal sperrast av eller merkast, seier ho til Bergens Tidende.

Fjellfolk åtvarar mot snøbruer og vatn i år. Sjølv høgt til fjells var det lite kulde før snøen kom, og det finst veldig lite tele i jorda. Isen på elvar og vatn er utrygg.

UNDER DYNA: Humøret kom kjapt attende då Arild Samnøy kom under dyna på Voss sjukehus. Ved 12.30-tida skreid han utfor eit stup, og vart ståande i kaldt elvevatn opp til livet, og vart nedkjølt. I dag vil han opp på ski att.