Den 37 år gamle båtføraren frå Bergen blei slegen medvitslaus i samanstøyten med Todneset ved Våge. Han blei transportert til Stord sjukehus, men tilstanden er ikkje alvorleg, ifølgje politiet.

Tre passasjerar kom frå uhellet utan skader, men blei tekne med til Tysnes lensmannskontor for avhøyr.

Den 27 fot store båten må ha hatt ein fart på minst 20 knop då han blei ført langt oppover svaberget, trur Tysnes-lensmann Lorentz Lunde.

Politiet fekk melding om grunnstøytinga klokka 02.15 natt til sundag.

Cabincruisaren fekk ein del skader i skroget i samanstøyten. Båten blei fjerna ved hjelp av krane sundag ettermiddag.

— Vi har mistanke om promillekøyring, og har fått teke blodprøve av båtføraren på sjukehuset, seier operasjonsleiar Ragnar Lyssand ved Hordaland politidistrikt.