Bilen havna i Jølstravatnet mellom Skei og Helgheim i Jølster i Sogn og Fjordane.

— Det er ting som tyder på at ulukka har skjedd i natt. Vitne har høyrd lydar som kan korrespondere med at bilen har kjørt utfor vegen mellom klokka ett og to i natt, seier politibetjent Magne Faleide, som er på ulukkesstaden, til bt.no.

Den omkomne er Dagmund Åmot (66).

Oppdaga av bussjåfør

Bilen vart oppdaga av ein bussjåfør som køyrde forbi litt etter klokka 10. I motsetnad til personbilførarar, satt sjåføren så høgt at han kunne sjå bilen i vatnet frå vegen.

Redningsmannskap dreiv gjenopplivingsarbeid på staden etter at mannen vart henta ut av bilen, men livet sto ikkje til å redde.

— Vi kan bekrefte at ein mann er omkome, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Lege, luftambulanse, og politi vart kalla ut til ulukkesstaden.

Dykkarar er no i vatnet for å undersøkje om det er fleire folk i bilen, men politiet trur ikkje det er fleire i bilen.

Smal veg

Ein tauebil er på staden, men ein må vente på ei mobil kran for å få bilen opp av vatnet.

Vegen forbi ulukkesstaden er no opna igjen etter å ha vore stengt ei tid. Køane som hadde oppstått har løyst seg opp.

Politiet vart varsla om ulukka klokka 10.16.

Vegen på ulukkesstaden er smal og svingete.

MMSFOTO: PER MARIFJÆREN
MMSFOTO: PER MARIFJÆREN