Ein personbil krasja i fjellveggen inne i Steggjatunnelen seint måndag kveld.

— Mannen er frakta til Lærdal sjukehus. Ifølgje vitne blødde han og klaga over vondt i hovudet, seier Arild Stokkereit, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mannen var åleine i bilen då ulukka skjedde. Politiet vart varsla klokka 23.55.