– Det er ein voldsom topp i tal påkøyrde hjortar om hausten, seier operasjonsleiar Einar Vereide i Sogn og Fjordane politiditrikt til Sogn avis.

I 22-tida tysdag kveld vart ein hjort påkøyrd ved Ljøsne. Hjorten var berre så vidt i live, og det var skadar på bilen etter samanstøyten.

Dette er langt frå den første hjorten som er påkøyrt i Indre Sogn dette året.

I kommunane Lærdal, Aurland og Årdal er det så langt i år 22 hjortar som har vorte trefte av bil. I kommunane Sogndal, Leikanger, Luster, Vik og Balestrand er talet 31.

Stoda er endå verre på kysten, berre i Flora kommune har 42 hjortar vorte påkøyrde.