Bilføraren i midten av 30-åra mista kontrollen på slapseføret og køyrde utfor på ei bru. Bilen, ein Chrysler Voyager, vart ståande med fronten ned i vatnet.

Føraren sat fast i vraket, men var ikkje under vatn. Eit helikopter med redningsmann kom til ulukkesstaden etter at meldinga kom inn ca. klokka 11.30. Litt over klokka 12 fekk redningsmannskapa berga ut mannen, som no er sendt til med helikopter til sjukehus i Førde.

Politiet var på staden like etter ulukka, men kan ikkje opplyse kor hardt skadd bilføraren er. Men mannen var ved medvit då han vart berga ut av vraket.

Snøfallet natt til mandag kom brått på mange vegfarande, og slett ikkje alle hadde skodd om til vinterhjul. Så var også tilfelle med ulukkesbilen i Stryn.

— Det stemmer at bilen hadde sommardekk, utan at vi kan seie at dette var den direkte årsaka til ulukka, seier lensmannsvakta i Nordfjord til bt.no.

SOMMARDEKK: Ein mann vart skadd då bilen han køyrde hamna i elva på det glatte føret måndag føremiddag.
Foto: Øystein Torheim