Den 54 år gamle Gudmund Joar Hilde frå Innvik i Stryn omkom i ulukka inne i ein anleggstunnel til Kjøsnesfjorden Kraftverk i Jølster. På veg ned med sitt siste lass for skiftet, klokka 02 natt til tysdag, fekk han vanskar med bremsene. Ein kollega høyrde dødsulukka over det interne sambandsutstyret.

I følgje politiet har lastebilen trilla eit par kilometer nedover inne i tunnelen før han kolliderte med fjellveggen. Ulukkesstaden ligg kring fire kilometer opp frå innslaget i Kjøsnesfjorden, ved eit kryss der ei grein av tunnelen går vestover til ein annan del av anleggsområdet.

**Les òg:

Høyrde at bremsene svikta**

Gav beskjed til kollega

Årsaka til at politiet har bremsesvikt som hovudteori, er at Hilde sjølve melde frå om dette på tur nedover. Laste-bilane har samband mellom seg. Ein kollega var på veg oppover då Hilde var på veg ned med sitt siste lass for skiftet. Inne i den bratte og smale an-leggstunnelen er det fleire møteplassar. Kollegaen stod og venta på Hilde på ein slik møteplass. I det dei passerer kvarandre, gjev Hilde melding om at han har vanskar med bremsene.

– Etterpå høyrde ikkje kollegaen meir før han høyrde ulukka, fortel Geirfinn Førde, hovudeigar i selskapet Tunnelservice i Bjordal i Høyanger.

Tunnelservice hadde oppdraget med å frakte masse ut frå kraftutbygginga i fjellområda like ved Jostedalsbreen. Hilde var sjølv medeigar i selskapet, og arbeidsformann for dei ti sjåførane som kvar veke var på jobb på anleg-get.

2006-modell Mercedes – Han var den som hadde jobba lengst her i Jølster, og var ein av dei mest er-farne sjåførane vi hadde. Vi er veldig rysta over det som har skjedd, seier Førde.

Lastebilen Hilde køyrde var av mer-ket Mercedes, og frå 2006.

– Det er ein litt lenger lastebil med noko større lastekapasitet enn det som er vanleg, seier Førde.

Moderne lastebilar som denne har avanserte to-krins bremsesystem, slik at noko av bremseeffekten er intakt om det skjer tap av trykk eller bremseeffekt på eine krinsen. Sviktar eine krinsen, t.d. på grunn av lekkasje, skal det vere bremsekraft att på den andre. I tillegg har slike lastebilar også tilleggsbremser både på motoren og girkas-sen.

– Korleis kan dette svikte?

– Nei, det kan eg ikkje svare på. Det er dette ulukkeskommisjonen må prø-ve å finne ut av, seier Førde.

Svært bratt

Lensmann Knut Skurtveit i Jølster har ansvaret for etterforskinga. Skurtveit stadfestar at dei har avhøyrt kollegaen som fekk meldinga over sambandet. Men han vil ikkje seie noko om kva som har kome ut av etterforskinga så langt, bortsett frå at tunnelen er svært bratt.

– I området der ulukka skjedde er hellinga 15–16 prosent, seier Skurtveit.

Det lukkast ikkje Bergens Tidende å få kontakt med ulukkeskommisjonen i Statens vegvesen i går.

Tunnelen der ulukka skjedde ligg i Kjøsnesfjorden, i austenden av Jølstra-vatnet. Bygginga av Kjøsnesfjorden Kraftverk er ein av dei største kraftut-byggingane som går føre seg i landet for tida. Arbeidet har pågått i fleire år, og skal stå ferdig neste sommar.

UTBYGGING: Ulykken skjedde i forbindelse med utbyggingen av Kjøsnesfjorden Kraftverk.
oddleiv apneseth (arkivfoto)
Tunnelene brukes til transport til og fra kraftutbyggingen i Jølster.
Oddleiv Apneseth