I ettertid kjem folk kanskje til å vakte seg for å passere rådhuset i Nordfjord-kommunen, når det er politiske møte. For på siste møte i kommunestyret innførte nemleg representantane ein heilt ny måte for å velje folk til kommunale nemnder.

Ifølgje Sunnmørsposten, som fortel om historia på sine nettsider, var det Einar Øen frå Senterpartiet som kom med det høgst spesielle framlegget. Alle representantane var klare i nemnda som skal avvikle haustens tv-aksjon, bortsett frå ein.

— Vi tek den første som passerer kommunestyresalen, føreslo Øen.

Som sagt, så gjort. Alle kommunestyrerepresentantane stilte seg opp ved vindauga for å følgje med. Og dei slapp vente lenge. Etter kort tid kom Leiv Gausemel forbi på traktoren sin.

— Han er vald, konkluderte ordførar Bjørn Lødemel.

Den nyvalde representanten i tv-aksjonsnemnda hadde helst sett han hadde blitt spurt på førehand, men tek det heile likevel med eit smil:

— Eg skjønar i alle fall at eg må halde meg unna kommunestyresalen neste gong det er møte der, seier han til Ålesund-avisa.

Ifølgje nettstaden Eida-portalen, som også omtalar det noko spesielle valet, var grunnen at kommunestyrerepresentantane ikkje greidde å finne fram til siste representanten til nemnda. Dei folkevalde gjekk rett og slett tomme for idéar. Men ordføraren avviser at idétørke var årsaka.

— Vi ville gjere ein artig vri. Og det var jo ein objektiv måte å velje ut på, seier Lødemel.