• SKADD: Kona greidde ikkje kome seg ut av bilen med eiga hjelp. Då ambulanse kom til staden blei ho send til sjukehus. Der konstaterte dei alvorlege skadar.

    FOTO: ROBERT JAN LEERINK

Køyrde forbi hardt skadd kvinne

Medan kvinna sat fastklemt i bilen med brotskader og pustevanskar, skal fleire bilførarar ha køyrt forbi utan å stogge.

No melder kvinna og mannen hennar saka til politiet. Dei meiner minst tre bilistar køyrde vidare utan å hjelpe.

Det er firda.no som fortel at ei trafikkulukke ved Kvamsøy mellom Balestrand og Høyanger no kan få eit uvanleg etterspel.

Kona til Kurt Kleive var på veg til arbeid i Høyanger om morgonen torsdag 2. februar då ho miste kontrollen over bilen og hamna i fjellveggen på fylkesveg 55. Det skal ha vore glatt på staden.

Les også

Kvinne skadd i krasj

Sendt til sykehus med luftambulansen.

 

- Bilen blei ståande på skrå og sperra halve vegbana. Likevel passerte fleire bilar utan å stogge, fortel ektemannen, Kurt Kleive.

Alvorlege skadar

Kona greidde ikkje kome seg ut av bilen med eiga hjelp. Då ambulanse kom til staden blei ho send til sjukehus. Der konstaterte dei alvorlege skadar.

Kvinna er no betre, men Kurt Kleive har vanskeleg for å forstå handlinga til bilstane som ikkje brydde seg med å stogge.

- Ei slik framferd er vanskeleg å respektere. Eit anna poeng er kva signal dei sender ut. Kona mi sat hardt skadd og hjelpelaus, og måtte sjå bilførarar køyyre forbi utan å bry seg, seier Kleive.

Skal hjelpe

Han melder saka fordi vegtrafikklova seier at alle skal stoppe og hjelpe personar eller dyr som kjem til skade i trafikken.

Lensmann Atle Førde seier dei har opna etterforsking, men vil elles ikkje kommentere saka.

Les også

Siste fra Lokalt

Ramponerte flere parkerte biler

Mann sendt til legevakt for å sy sårene etter å ha knust flere ruter.

Her stiller han klokken

«Jeg er kongen av Bergen», ropte mannen etter å ha dyttet på viserne.

- Aldri sett så mye grisekjøring

Her fliser han forbi, tett inntil land i høy fart.

Krasjet på land med båt

Båtfører i 40-årene sendt til sykehus.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger