Det var på veg frå Øvre Årdal til Årdalstangen at Haugen brått merka det brann bak i gravemaskina han køyrde. Då var han midt inne i den 1,2 kilometer lange Midnestunnelen, og hadde altså kring 600 meter att til tunnelopningen. Men i staden for å leggje på sprang, gav Haugen gass. Medan flammane slo ut bak, køyrde Haugen det han makta. Og rakk det akkurat. To-tre meter utanfor tunnelmunningen var det berre å hoppe av og flykte. Då stod nesten heile maskina i brann. — Folk frå brannvesenet som var på staden nølte ikkje med å karakterisere Haugen som ein helt, fortel lensmannsbetjent Jorunn Hæstad til Bergens Tidendes nettutgåve.- Hadde ikkje Haugen fått maskina ut, ville det vorte ein stor brann med svær røykutvikling inne i tunnelen. Brannevesenet meiner tunnelen ville vorte stengd eit heilt døgn. Men sidan Haugen fekk køyrt maskina ut, kunne vi opne for trafikk etter halvanna time Det står all respekt av den innsatsen han gjorde, seier Hæstad. Gravemaskina vart totalskadd av brannen.