Søndag morgon vart det funne ein førarlaus bil i sjøen mellom Årbakke og Onarheim i Tysnes.

– Bilen var halvvegs ute i sjøen med lysa på og tenninga i. Det var ingen folk til stades, seier operasjonsleiar Ole Geir Magnussen i Hordaland politidistrikt.

Politiet spora opp mannen – som hadde spasert heim etter uhellet.

Blir promilletesta

– Patruljen tok kontakt med bileigar på hans bopæl. Mannen verka rusa og blei tatt med inn til blodprøvekontroll, seier operasjonsleiar.

Den 20 år gamle mannen kom uskadd frå køyreturen.

Dette er ikkje den første promilleturen i fylket det siste døgnet.

Fleire promillekøyrarar

I ettida i natt blei en 42 år gammal mann stoppa i promillekontroll på Mangstad. Seinare på natta slo personar på Statoil-stasjonen på Skogsvåg alarm etter at ein rusa kunde sette seg i bilen.

— Mannen hadde handla på Statoil og sette seg inn i bilen. Politiet kom til staden og fekk tatt han etter tips om at han var rusa, seier Magnussen.

Også på Os blei en ung mann stoppa med 1,4 i promille.

Like før klokka åtte søndag morgon blei dessutan ein 33 år gammal mann tatt med inn til promilletaking etter å ha blitt stoppa av politiet på Sandsli.