Politiet fekk melding om trafikkulykka på E39, aust for Førde ved Mo landbruksskule, klokka 17.33.

— Eit einsleg køyretøy har køyrt av vegen på høgre side av køyrebane, seier operasjonsleiar Hans Petter Harlem i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politi og ambulanse vart sendt til staden.

— Passasjeren i bilen har fått behandling, og er sendt til sjukehus med rygg - og hoftesmerter, seier Harlem.

Passasjeren er ei kvinne i 20-åra. Også føraren, ein mann i 20-åra, vart køyrt vekk i ambulanse.

— Begge personane er lettare skadd, opplyser politiet.

Politiet kjenner ikkje årsaka til ulykka, men vil etterforske hendinga.

Vegen var stengt i ein kortare periode etter ulykka.