Rekna i faste prisar har kostnadene auka frå 147 mill i 1992 til 425 mill i 2002.

Kostnadsauken har vore særleg sterk dei tre siste åra og prognosen for 2003 er alarmerande, fortel fylkesordførar Gisle Handeland. No har han skrive brev til kommunalminister Erna Solberg.

Hordaland fylkeskommune meiner at denne utgiftsveksten no er så stor og har vart så lenge at det må gjevast tilleggløyving i revidert nasjonalbudsjett, skriv Handeland i brevet til kommunalministeren.

Kostnadsauken i barnevernet er truleg eit resultat av ei uheldig utvikling i samfunnet og rammar ikkje berre Hordaland, men også andre fylke, særleg fylke med større byar, påpeikar Handeland.