Etter at anbod er innhenta, syner det seg at skulen vil kosta 39 millionar kroner. Dette er over 14 millionar kroner meir enn det som er lagt til grunn i økonomiplanen.

Fagsjef Ove Vonheim seier til Kystradioen at den store budsjettsprekken kan forklarast med sterk prisstigning og at entreprenørane har hatt mykje å gjera. Dette har igjen ført til liten interesse for å gi anbod og dermed redusert konkurranse.

På tysdag vil formannskapet få lagt fram eit notat som syner den dramatiske kostnadsauken for Kleppe skole.