50 mann vil vere i sving når arbeidet med å snu lasteskipet tek til onsdag 17. mars.

— Det er ein svært stor operasjon, med mange berekningar og mykje rigging, sa Georg Eide i Eide Marine Services då planane vart lagt fram på Ågotnes i går. Saman med det nederlandske selskapet Smit har Eide Marine Services ansvaret for snuinga.

MS «Rocknes» skal vendast ved hjelp av vaierar som blir festa på båe sider av vågen ved CCB-basen på Ågotnes, der båten nå ligg. Stålvaierane er ni cm tjukke, og skal gjerast fast i skroget. To lektarar med vinsjutstyr skal saman med eit kranfarty trekkje båten rundt. Pumper skal brukast til å fordele ballastvatn i tankane undervegs, for å få eit mest mogleg gunstig tyngdepunkt i båten.

— Opplegget er godt gjennomtenkt, og vi meiner ikkje det er spesielle kritiske punkt i operasjonen, seier Eide, som ventar at det vil ta fleire dagar å få MS «Rocknes» på rett kjøl.

Skal attende på sjøen

Arbeidet med å slepe havaristen til Ågotnes og få han snudd, er kostnadsrekna til ca. 10 millionar dollar. Målet er å reparere båten og få han på vatnet att slik han var før forliset.

— Føresetnaden vår er å få tilbake MS «Rocknes» som eit trygt, godt og moderne skip, sa direktør Bjørn Jebsen i Jebsen Management i går.

Reiarlaget tek utgangspunkt i at båten gjekk rundt fordi han fekk større skader i grunnstøytinga enn han var bygd for å tole.

— Dersom vi skulle få anna informasjon på eit seinare tidspunkt, må vi ta stilling til det når den tid kjem, seier Jebsen.

Trur det vil lønne seg

Reiarlaget inviterer denne veka ti europeiske verft til å delta i konkurransen om gjenoppbygginga av båten. To av dei er norske: Kleven Florø og Fosen Mekaniske Verksteder.

— Vi meiner at ein reparasjon vil lønne seg. Samtidig kan eg ikkje sjå at det fanst noko alternativ til å snu båten. Det kan framleis liggje to omkomne om bord, og det er også olje i skipet som må ut, seier havarisjef Jostein Egeland i Norwegian Hull Club, som har kaskoforsikra MS «Rocknes». Kva istandsettinga til slutt vil koste, er ennå ikkje klarlagt.

Kystverket vil overvake miljøsidene ved snuoperasjonen, blant anna for å sikre seg mot ytterlegare oljeutslepp. Oppreinskinga etter forliset har så langt kosta minst 50 millionar kroner.

PLANENE: Georg Eide fra Eide Maritim (t.v) og Bert Kamsteeg fra Smit Salvage (t.h) viser adm.dir. Bjørn Jebsen planene for hvordan «Rocknes» skal snus. FOTO: MARIT HOMMEDAL, SCANPIX