Med Hordalandsdiagonalens kostbare bruer og tunnelar, planlagte nye tunnelar ved Røldal og Haukeli, og innkortingar i Telemark og Buskerud, blir det råd å køyra frå Bergen til Oslo på rundt tre og ein halv time. Det er om lag halve tida av dagens raskaste distanse, Rv7 over Hardangervidda, og halvparten av tidsbruken på dagens mest brukte trasé Bergen — Oslo: E16 (Hemsedal og Filefjell).

Kjell Kvåle i Statens vegvesen region Vest er sekretær for den store utgreiinga om aust-vest-sambanda som samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen har bestilt, og som skal vera klar innan årsskiftet. Kvåle stadfestar at Hordalandsdiagonalen vil bli utgreidd som del av Haukeli-alternativet.

— Det blir snakk om grove skisser og overslag. Det er klart det blir kostnadskrevjande, men det er interessant å gjera seg nytte av E134 på denne måten, seier Kvåle.

Brev til ministeren

— For sambandet mellom aust og vest er det naturleg å samla heile området Bergen - Stavanger om eitt alternativ. E134 over Haukeli gir best grunnlag for oppgradering til det sikraste og beste sambandet, seier Johannes Sørli (83).

Den pensjonerte og engasjerte sivilingeniøren frå Stord skreiv i sommar brev til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen og påpeikte nok ein gong den framtidige Haukelivegen som den suverent flataste, drivstoffvennlegaste og tryggaste vegen mot aust, også for bergensarar.

Solvik-Olsen takkar for Sørlis innspel, og viser kort til Vegvesenets pågåande utgreiing. Statsråden har sagt at det bør satsast på éin hovudkorridor over Langfjella.

Entusiastiske innspel

I arbeidet fram mot deadline får Vegvesenet entusiastiske innspel frå tilhengjarar av alle dagens fem fjelltraséar mot det sentrale Austlandet; Filefjell, Hemsedal, Hol/Geiteryggen, Hardangervidda og Haukeli. I november blir alle samla i Oslo for ein siste gjennomgang av arbeidet.

Bak E134 står i første rekkje interesseorganisasjonen E134 Haukelivegen AS, med støtte frå lastebileigarforbundet og næringsforeiningane i Haugesund, Stord, Stavanger og Bergen. Med Rogfast - tunnelen under Boknafjorden - vil E134 vera eit interessant aust-samband også for Sør-Rogaland.

Ein utbygd E134 med Hordalandsdiagonal og nye tunnelar ved Røldal, i Telemark og Buskerud kan gi ein ferjefri veg på 390 km mellom Bergen og Oslo. I dag er Rv7 over Vidda kortast (464 km). Den samfunnsøkonomisk nytten av nye E134 med armen til Bergen vil vera verd 7,8 milliardar kroner, har Multiconsult - Analyse & Strategi AS rekna ut i ein rapport for E134 Haukelivegen AS.

Alternativ Kvamskogen

Johannes Sørli kalkulerer Hordalandsdiagonalen grovt til 10-12 milliardar kroner for ein to-felts veg. Den dyraste investeringa blir ei ny bru over Hardangerfjorden ved Jondal.

Ei bru frå Belsnes i Jondal til Djevlevikneset i Kvam vil måtta bli eit par hundre meter lengre enn Hardangerbrua, som kosta 2,3 milliardar kroner. I tillegg vil milliardane rulla på i form av nye tunnelar i Odda, Kvam, Fusa, Samnanger og Os, og ei dobbel bruløysing ved Bogøy i Samnangerfjorden.

Per Nordø, den skarpaste kritikaren av Hardangerbrua, vil heller ikkje ha ei ny Hardangerbru som skjemmer natur- og kulturlandskap ved Jondal. Han tilrår eit innkorta ferjesamband med elektrisk drift.

Ein alternativ trasé for Hordalandsdiagonalen er via Norheimsund og ein tenkt tunnel under Kvamskogen, den 12 km lange Hardangertunnelen til rundt ein milliard kroner.

Hordalandsdiagonalen åleine vil redusera køyretida frå Bergen til Odda med ein time og 15 minutt i forhold til i dag. Med armen til Bergen kan E134 - den mest trafikkerte fjellovergangen i dag - tappa dei nordlegare fjellovergangane Hardangervidda, Hemsedal og Filefjell for 40 prosent av godstrafikken og 20 prosent av persontrafikken, ifølgje rapporten frå Multiconsult - Analyse & Strategi AS.