OVE ARNE OLDERKJÆR

— Heime har me eit hus på 280 kvadrat, men me dreg nesten alltid til campingvogna på Fjon, opptil 250 dagar i året, seier Judith Haave Karlsen og Bård Karlsen.

Ekteparet frå Norheim i Karmøy kommune er blant mange veteranar på Fjon Camping. Dei har rigga seg til med ei campingvogn på 9,5 meter, fortelt og ein ý etter Fjon-forhold ý smålåten treterrasse. I innkøyrsla til campingplassen har dei halde til sidan 1991. Her er velstelt, med blomebed og snauklipt plen.

Idyll med atterhald

Tett forbi renn Fjonelva frå Vigdarvatnet ut i den vakre Fjonavika. Ein kulp nederst i elva er blitt populær badestamp for ungane. Frå campingplassen er det kort veg ut til fiskeplassane i Ålfjorden.

— Me fiskar heile året. Me har det kjekt her, alle kjenner alle og bryr seg om kvarandre, seier Judith Haave Karlsen med barnebarnet, snart fire år gamle Sofie på fanget.

Karlsens har tre born som med sine familiar har eigne plassar på Fjon Camping. Fleire av dei 50 - 60 leigetakarane på plassen har halde til her i 20 - 30 år, og har sett opp namneskilt som «Hu mor på haugen», «God tid» og «Bøm'elulu». Campingplassen ligg vakkert til ved sjøen og elva, men er ikkje noko pryd for auga med tretelt i alle variantar, felles toalettanlegg med tvilsame elektrotekniske løysingar, og med Stolt Sea Farm sitt store lakseklekkjeri tvers over Fjonelva.

På eige ansvar

— Me merkar ikkje forureining frå klekkjeriet. Det største problemet er enkelte bilar med litt for stor fart. Ein gong køyrte ein inn i vogna vår på glatta. Og tretelta? Vel, me ville ikkje gjort det på den måten. Men me legg oss ikkje opp i det, seier Judith og Bård frå si heilårscampingvogn, som har adventstake og tuntre med ljos til jul.

— Berre dei held seg innanfor tildelt område og har campingvogn, så får leigetakarane gjera som dei vil. Dei blir fortalt at dei byggjer på eige ansvar, seier innehavaren av Fjon Camping, Helge Matre til Bergens Tidende.

Meir eller mindre estetiske tretilbygg på stasjonære campingvogner er ei velkjent måte å omgå strenge hyttereguleringar på. Fenomenet har sett grå hår i hovudet på byråkratane, også i Sveio kommune.

Først prøvde kommunen å forby tretelta. Så fekk Matre beskjed om iallfall å samla tretelta i grupper, noko han ikkje vil etterkoma. Og konstruksjonane står, nye er komne til, byggeaktiviteten har i år faktisk vore større enn på lenge, ifølgje Helge Matre.

- Kald våpenkvile

Helge Matre, som driv campingplassen ved sida av lærarjobben i Haugesund, omtalar forholdet til kommunen som «kald våpenkvile».

— Det heile tok til for snart 30 år sidan. Då den første fekk lov, så kunne eg ikkje seia nei til andre heller. Det same skjer også på andre campingplassar, seier Matre.

Fleire tyske familiar er også gjengangarar på Fjon Camping. Ein av dei har fått byggja ei ordinær trehytte nede ved elvemunningen. Helge Matre vedgår at godkjenninga ikkje er heilt i orden.

Matre har også sjølv sett opp brakkeliknande hytter og campingvogner for utleige.

— Om sommaren kan her vera to-tre hundre menneske samla, seier Helge Matre idet han gir grøntområda ein omgang med kantklipparen.

STASJONÆRT: Det finst dei som tek enkeltovernattingar, men dei fleste gjestene på Fjon Camping er nokså fastgrodde med husvognene og tretelta sine.

SJEFEN: Helge Matre driv Fjon Camping med god oppbakking frå sine faste gjester, men til noko irritasjon for lokale styresmakter.

TVILSAMT: Serviceanlegget på Fjon Camping har ein del tvilsame tekniske løysingar.