Korta, som første gong vart prenta i 1898, hadde karikerte eidfjordingar som motiv. Dei vekte både lått og harme i bygda.

— Men i dag er det stas å ha forfedrane sine foreviga på denne måten, har eg inntrykk av, seier kulturkonsulent Kari Vambheim til Bergens Tidende.

Spikk

Ho trur at bygdefolket berre synest det er gøy å ha ein bestefar eller grandonkel i løyen strek på korta når det skal spelast bridge eller poker, eller leggast kabal.

Siste spikk frå det no nedlagde levekårsutvalet, var å tilrå Eidfjord kommunestyre å gambla 400.000 kroner på denne kortleiken; å få trykt opp 10.000 kortstokkar med Bergslien-motiv.

Spikk på spikk, det gjennomsyrar folkeeventyret om Peik, som Nils Bergslien har henta namnet på kortstokken sin frå. Asbjørnsen og Mo framstiller ein eventyrfigur som er langt mindre sympatisk enn Askeladden. Prinsessa vinn han Peik også, men han nøyer seg ikkje med halve kongeriket. Gong etter gong narrar han kongen trill rundt. Til slutt vert kongen narra til å la seg trilla utfor fjellet i ei tønne, og Peik kan overta heile kongeriket.

Klenodium i Bergen

Inspirert av denne skøyarfanten har Nils Bergslien laga motiva på spelkorta. Kortstokken «Peik» har i stor grad vorte eit symbol på den yngste av Bergslien-kunstnarane si evne til å skapa karikaturar.

Kortstokken vart utgjeven første gong av forlaget Johs. Andersen i Bergen i 1898. Forlaget hadde ikkje lang levetid. Andersen spesialiserte seg på nynorske bøker, og utgjevinga av spelkort vart skarpt kritisert. Bergslien sine karikaturar konkurrerte ut norske kongar, stormenn og byvåpen, som forlaget først ville ha på korta sine.

— Det einaste kjende eksemplaret som no finst att, ligg i arkivet til Gamle Bergen Museum, fortel Kari Vambheim.

Ho har sikra seg løyve frå museet til å avfotografera korta, eitt for eitt, så dei kan prentast i nytt opplag.

Oppdatert

— Eidfjord kommune og Eidfjord Reiselivslag gjorde det same i 1986, men desse korta er no praktisk talt utselde, fortel ho.

Korta som vart trykte opp att i 1986 vart avfotografert av ein kortstokk frå rundt 1925, ein oppdatert versjon som vart utgitt på forlaget Emil Moestue, prenta av Moniando i Italia.

— Kvifor Bergslien fann grunn til å endra nokre av figurane midt på 20-talet, veit vi ikkje. Kanskje var det viktig for han å syna «dagens utgåve» av persongalleriet, trur Vambheim.

Når det no finst eit eksemplar av originalutgåva frå 1898, er det denne som blir utgangspunktet dersom Eidfjord bestemmer seg for å satsa 400.000 kroner av Kraftfondet på prosjektet.

Slitesterkt

Spelkort vert ikkje produsert her i landet lenger, men via norske forlag er det innhenta cirkaprisar. Medrekna eit samanbretta informasjonsark om korta og kunstnaren i kvar øskje, vil produksjonsprisen verta opp mot 40 kroner pr. kortstokk, og ein utsalspris rundt 75 kroner.

— Denne gongen satsar vi på skikkeleg kvalitet, kort som tåler å bli brukte. Dei som kom i 1986 var av såkalla souvenir-kvalitet. Dei er fine å sjå til som nye, men blir fort lurvete i bruk, seier Kari Vambheim til Bergens Tidende.

Akkurat slik narrefanten Peik ville ha gjort det.