– Det blir ikkje betre enn dette, seier Guttorm Fretheim. På tynne ski har han lagt gjel og botnar bak seg og glidd over kvite vidder fram til toppen. No lener han seg inntil varden på høgaste Gullfjellet og nyt utsyn og armslag og termoskaffi og mild søraust i djupe drag.

– Somme tenkjer nok at snøen er roten og føret elendig. Men slik er det jo slett ikkje. Eigentleg er dette den beste tida for skiturar, meiner fanabuen frå Voss.

Framleis vinter

Han let blikket gli over eit landskap som enno er vinterkledd. Gullfjellets taggete overflate er rett nok hissig på å sleppa fram att i lyset etter månader med undertrykking, og for kvar dag som går, kjem litt meir av hamrar og berg til syne. Men skiføret er meir eller mindre samanhengande frå Fallgruvene nord for Redningshytta og like fram til toppen. Og oppe på sjølve Gullfjellsplatået er det framleis så rikeleg med snø at det skal mykje til om her ikkje er råd å bruka skia til oppunder sankthans.

Det er god plass på Gullfjellet denne maidagen. Nede i låglandet kryp dei solhungrige inntil fenner og snøflekkar med liggjeunderlaga sine for å sikra seg dobbel dose, sola og refleksen frå snøen. Her klukkar ikkje bekkane lenger, dei fossar og buldrar, og frå under snøen kan ein høyra korleis våren jobbar med å ta kommando.

Her blir ikkje kortikkane korte nok. Då er det godt å ha ein undikk å stappa flagrande overskot innunder, så sol slepp til.

Forført av våren

Annlaug Haugsdal har óg møtt humla i skisporet nede i Ålen. Ho óg har sett korleis sommaren etter kvart kjem til å få overtaket og senda vinteren på ferie. Men ho likar det ikkje.

– Eg likar vinteren best. For meg kunne det gjerne vore vinter heile året, seier den spreke dama med namn frå nabolaget. I fjor var ho på Tveitakvitingen på ski så seint som 1. juli. No har ho tenkt seg over Kopto og Søre Gullfjelltoppen og Austefjellet før ho tenkjer å gje slepp på dagen. Heile den vakre vårdagen på ski.

Eg óg er glad i vinteren, men våren innyndar seg ikkje fåfengd hjå meg. Eg er svak for den milde brisen, dei søte luktene, alt livet som vender attende, og med kvitveis og kvitter kjem det óg ei kribling og ein kåtskap.

Stort meir enn ein time går det ikkje frå snøspruten stod rundt leggane i friske renn ned Ålen og Korketrekkjaren, før eg let meg omslutta av maikald sjø. Eg tenkjer på at til meir vi reiser og lærer å kjenna av eksotiske plassar og opplevingar, til blindare blir vi for dei som ligg rett framfor nasetippen vår.

SNØ TIL FRUKOST: Guttorm Fretheim nyt føremiddagen på Gullfjelltoppen 987 meter over havet. Annlaug Haugsdal er undervegs.
Knut Langeland
SJØ TIL MIDDAG: 14 graders vatn lokkar kanskje ikkje folk flest uti, men ein dukkert i Salhusfjorden er forfriskande etter skituren på Gullfjellet.
BENEDICTE LANGELAND