Det er seks månader mindre enn han vart dømt til i Sunnfjord tingrett i juli 2003.

36-åringen er dømt til å betale erstatning til konkursbu i to firma han dreiv på høvesvis 345.000 og 507.510 kroner. I tingretten var desse summane 345.000 og 282.000 kroner. Kravet om å betale sakskostnader på 75.000 kroner frå tingretten, har lagmannsretten fråfalle.

Grunnen til at straffa er eit halvt år kortare enn sist, er at lagmannsretten har frifunne mannen på fire punkt.

Sunnfjordingen er dømt for å ha operert med ein eigen økonomi ved sidan av selskapa, og har med det hindra kreditorane og det offentlege innsyn i kvar om lag ein million kroner i kontantar er blitt av.

I tillegg til fengselsstraff er han frådømt retten til å drive næringsverksemd, og å vere styremedlem eller dagleg leiar, i tre år.