ARNE HOFSETH

Lærdalsdalen

Tidlegare vegsjef og stortingsrepresentant Lars Lefdal blir utstyrt med høveleg reidskap til å kutta av snora som markerer den offisielle opninga av Borgundstunnelen.

Samtundes markerer han sluttføringa av opprustinga av parsellen Sæltun — Vollum på E16 i Lærdalsdalen, som har gitt ei innkorting på fem kilometer.

Til Borlaug neste

Sjette og sjuande kilometeren skal kuttast på neste parsell oppover mot Borlaug. Den blir ferdig om tre år, så sant Stortinget greier å løyva pengane i tide, før vegen bryt fullstendig saman.

Frå Borlaug går snarvegen for Sogn og Fjordane til Oslo via Hemsedal, medan E16 held fram som sikraste vintervegen, både for hordalendingar, sogningar og sunnfjordingar over Fillefjell og gjennom Valdres.

Flaskehalsar borte

Seltatunnelen inngjekk i første moderniseringstiltaket i Lærdalsdalen etter at den lengste vegtunnelen i verda, mellom Aurland og Lærdal, gjorde ferjeturen til og frå Gudvangen overflødig. Innkortinga var «berre» ein kilometer, men det var ein trasig veg bilistane vinka farvel til då Seltatunnelen vart opna i fjor. Vegen forbi husmannsplassen Galdane var ei utsprengt hylle i fjellet, med såkalla halvtunnelar. Der måtte store doningar køyra midt i vegen (sentrisk køyring) for å koma gjennom, til skrekk og gru for møtande trafikk. Fartsgrensa var nede i 30 km/t.

Når den tre kilometer lange Borgundstunnelen opnar tysdag, er 12,4 kilometer skral veg blitt til 7,4 kilometer moderne europaveg.

Nervepirrande

Omsynet til norsk veghistorie gjorde arbeidet med vestre påhogget for Borgundstunnelen ekstra delikat. Den gamle Kongevegen frå 1794 ligg på ein skrøpeleg mur rett over tunnelmunningen. Både prosjektleiar Jon Kvåle og byggeleiar Dagfinn Bentås vedgår overfor Bergens Tidende at dei sukka letta då støvet etter den første salva hadde lagt seg, og Kongevegen framleis låg der. Rett ut tunnelmunningen fører ei ny bru vegen over Lærdalselvi og gamlevegen. Sidan tunnelmunningen måtte sprengast først, måtte det byggast en svær fylling og provisorisk bru over elva for å koma til.

Billegare og raskare

Likevel har arbeidet gått svært så greitt unna. Dessutan har Stortinget løyvt pengane på gunstige tidspunkt. Prislappen lyder på 260 millionar kroner for heile parsellen Sæltun -Voldum. Etter kalkylane skulle det vore brukt 33 millionar kroner meir, med vegopning innunder jul.

Den neste parsellen opp til Borlaug er kostnadsrekna til 250 millionar kroner, og byggetida stipulert til tre år. Greiaste veg frå Bergen til Borgund Stavkyrkje blir heretter å køyra gjennom dei to nye tunnelane, og deretter ta gamlevegen attende mot Bergen. Like aust for Borgundstunnelen er det laga avkøyrsle til venstre og ny veg over tunnelmunningen for å knyta saman gamal og ny veg.

INNKORTING: To nye tunnelar i Lærdalsdalen gjer E16 fem kilometer kortare, samstundes som flaskehalsar er fjerna.