JOHN LINDEBOTTEN

Den dagen skal samferdsleminister Torild Skogsholm opna Bogstunnelen mellom Teigen og Bogen på strekninga Lavik-Vadheim.

Både sogningar og alle andre vegfarande har venta lenge på den 3,5 kilometer lange tunnelen, som gjev trygg veg forbi ein av dei mest rasutsette vegstrekningane på heile Vestlandet. Og her har rasa ikkje berre gått vinterstid. Steinsprang vår, haust og sommar har vore vel så stor fare for trafikken som snøskred.

Men gamlevegen rundt neset vert ikkje heilt stengt.

— Eit par kilometer vert klassifisert som kommunal veg, så langt det bur folk, medan resten vert gang- og sykkelveg, men ikkje brøytt om vinteren, seier prosjektleiar for Bogstunnelen, Odd Erik Haugen, til Bergens Tidende.

Ifølgje Statens vegvesen region vest har det nye veganlegget, 3,5 km. tunnel og 600 meter veg i dagen, kosta 167 millionar kroner. Halvparten av dette tek staten på seg, medan andre halvparten vert samla inn frå bilistar på ferja Lavik-Oppedal. 20 kroner kostar det ekstra for ein personbil. Innkrevinga tok til i 2002 og skal halda fram til 2016.

Men det er ikkje slutt med dette. Litt lenger ute, mellom Teigen og Torvund, er det planlagt ein tunnel til, nesten like lang som Bogstunnelen. På denne strekninga er det ikkje rasfare, men dagens veg er smal og svingete. Denne tunnelen er difor med på lista over Vestlandsrådets sine prioriterte anlegg for å byggja ut E 39 Kyststamvegen til skikkeleg standard. Også der vert det utan tvil bompengar å betala, så ekstrataksten på ferja Lavik-Oppedal vert truleg halden ved lag minst fram til 2030.