Tett oppunder femti personar med seks raude og ein grøn parole fylgde musikklaget rundt på Vangen. Blant dei var årets 1. mai-talar, statssekretær Kjell Erik Øye i Barne— og likestillingsdepartementet.

LO, Arbeiderpartiet, SV og Senterpartiet var tilskipar og partiet Raudt hadde varsla boikott i ei pressemelding. Likevel var minst halve kommunestyregruppa til partiet å sjå i toget.