8. februar 1985 avslørte BT at kommunalråd Jens Lorentzen hadde seld datamaskiner frå eige firma til Bergen kommune. Kommunen frikjende seinare Lorentzen.

I juni same år vart Lorentzen arrestert, sikta for å ha motteke 50.000 kroner for å ha skaffa skjenkerett til ein restaurant. Denne saka vart anka heilt til Høgsterett, der Lorenzen i 1995 vart dømt til eit halvt års vilkårslaus fengsel.

Etter Lorentzen-saka har det ikkje vore større saker om korrupsjon og økonomisk snusk i Bergen kommune. Det siste året er det avslørt eit par mindre saker:

*I januar i år fekk ein rektor på ein bergensskule sparken, etter kommunerevisjonen avdekte at han hadde tatt 225.000 kroner frå kontoane til skulen.

  • I haust vart ein kommunal vaktmeister tatt for å ha henta ut nye bilar frå ein bilforhandlar på kommunens rekning.