I januar skreiv BT om Nils Tomas Koppen på Osterøy, som for sju år sidan mista garden sin.

Garden gjekk for 350.000 kroner på tvangssal, ein tidel av den reelle verdien. Selskapet som kjøpte eigedommen vil truleg sitje att med rundt 16 millionar kroner i forteneste, når området er seld ut til bustadtomter.

— Dårleg bankhandverk

Advokat Einar Bolstad har gått gjennom Koppen-saka. I går presenterte han sine funn på eit seminar ved Høgskulen i Bergen.

Han meiner kommunen og fylkeslandbruksdirektøren/-styret gjorde det dei kunne for å hjelpe Koppen, men at dei ikkje vann fram.

Han er meir kritisk til meklaren som bistod namsmannen i tvangssalet, som ikkje fekk med i utlysinga at kommunen hadde lagt ut 154 mål av garden til bustadbygging.

— Den største feilen vart likevel gjort av banken som kravde tvangssalet, seier Bolstad, som mellom anna har vore formann i kontrollkomiteen i Luster Sparebank i ni år

— For meg er dette dårleg bankhandverk. Hadde Kreditkassen sett seg inn i situasjonen til kunden, og forstått kva han hadde av verdiar, hadde han hatt trygg økonomi og aksjar i banken i dag, seier Bolstad.

Skulda 97.000 kroner

Bolstad peikar på at Koppen berre skulda banken 97.000 kroner, ein brøkdel av dei verdiane han sat på.

— Hadde han hatt lån i ein lokal sparebank med god kundeoppfølging, hadde dette aldri utvikla seg slik. Dei burde sett at han sat på ein verdifull eigedom, og hadde meir enn god nok sikring for lånet. Mannen sat på millionverdiar, seier Bolstad.

Då tvangssalet vart gjennomført i 2000, var Robert Kallekleiv banksjef i Kreditkassen sin filial i Lonevåg. Han har sidan flytta til Oslo.

Kallekleiv, som framleis jobbar i Kreditkassens arvtakar Nordea, er for tida på ferie på Kanariøyane.

Han vil difor ikkje kommentere saka før han har kome tilbake på kontoret og kan gå gjennom papira.

Ville ikkje skjedd i dag

Takstmannen verdsette eigedommen til berre 110.000 kroner, som var ein korrekt verdi som landbrukseigedom. Det låg til grunn då namsmannen selde garden.

Bolstad seier det var i tråd med takstregimet som var den gongen, der område som var avsett til bustadbygging i ein kommuneplan vart rekna som usikre verdiar.

I 2002 vart reglane endra. No er ein godkjent kommuneplan nok til at eit område skal verdsetjast som bustadtomter, viss politikarane har teikna det inn i planen. Slik dei i 1997 gjorde med Loftås i Valestrandsfossen på Osterøy, der Koppen etter eit forlik med kjøparane i 2002 får bu i barndomsheimen til han døyr.

TATT AV BANKEN: - Kredittkassen burde ha sett at Nils Thomas Koppen sat på millionverdiar, seier advokat Einar Bolstad, som i går held innleiing om saka for jordskiftestudentar ved Høgskulen i Bergen.