Nordfors meiner å kunne kurere blant anna ryggsmerter ved å massere pasienten i endetarmen, og skal ifølgje fylkeslegen ha brukt metoden uvanleg hyppig.

— Det er snakk om massasje av muskelen piriformis, som ligg i bekkenet, seier fylkeslege i Sogn og Fjordane, Petter Øgar. Fylkeslegen seier vidare at det i faglege krinsar er usemje rundt kor ofte denne muskelen faktisk forårsaker smerte.

— Klagene går blant anna på at Nordfors skal ha gjeve mangelfull informasjon til pasienten om den spesielle behandlingsforma. Vidare skal vi også vurdere om Nordfors har gjort gode nok undersøkingar av pasienten før han sette i gang med si behandling, seier fylkeslegen.

Klagesaka er ikkje avgjort. Overfor Bergens Tidende stadfestar fylkeslegen at han er kjent med nettsidene som Nordfors har lansert.

— Eg kan ikkje seie om dette kan ha noko relevans for våre vurderingar av desse sakene, seier Petter Øgar.

Mikael Nordfors kom til Jølster som legevikar i fjor sommar, og vart tilsett som kommunelege i fast stilling.