— Bedrifta treng arbeidskrafta og kommunen treng innbyggjarane. Får vi dette til, vil det vere til fordel for alle, påpeikar ordførar ordførar Harry Mowatt.

Verftet og kommunen arbeider saman for å få til betre integrering.

— Vi ser at det kan bli lite å gjere på fritida. Det prøver vi å gjere noko med, seier personaldirektør på verftet, Bente Nesse.

Nærare 200 av dei som arbeider på verftet er frå utlandet. Kommuneleiinga meiner utlendingane har glidd godt inn i lokalsamfunnet.

— Mange av dei jobbar lange dagar, og er av den grunn lite å sjå i lokalmiljøet. Vi har ikkje registrert ein einaste klage, slår ordføraren fast.

— Dei polske familiane som har slått seg ned, seier husmangel hindrar andre?

— Husmarknaden er støvsuga. Det kan bli aktuelt med kommunal bustadbygging, men vi har også erfaringar frå at store delar av den kommunale bustadmassen var ledig. No er det gullalder, men det er ikkje mange år sidan ordrebøkene var tomme og verftet stod i fare for å bli selt, seier Mowatt.