John Fredriksen er frå før største eigar i både Pan Fish og Fjord Seafood, etter at han brukte nesten 1,6 milliardar kroner på aksjekjøp i fjor.

Når han no legg 9,6 milliardar kroner på bordet og kjøper Marine Harvest — største oppdrettsselskapet i verda - vert han utan sidestykke også den størst lakseoppdrettaren på norskekysten, der regjeringa helst ikkje ønskjer at nokon kontrollerer meir enn 10 prosent av produksjonen.

Gigant

Marine Harvest kontrollere 13,8 prosent av dei 890 oppdrettskonsesjonane i Noreg. Saman med Fjord Seafood og Pan Fish sine konsesjonar får John Fredriksen kontrollen over 26,3 prosent av oppdrettskonsesjonane.

Marine Harvest, Pan Fish og Fjord Sea-food er til saman ein oppdrettsgigant næring aldri har sett maken til:

— Til saman kontrollerer dei 26 prosent av produksjonen av atlantisk laks, stillehavslaks og aure i verda. Samla produksjonen i fjor var 429 millionar tonn.

— I fylgje analyseselskapet Kontali Analyse slakta Marine Harvest, Fjord Seafood og Pan Fish 178 millionar kilo laks i Noreg i fjor. Det tilsvarar 28 pro-sent av den norske produksjonen.

— I Skottland står dei tre selskapa for tilsamen 53 prosent av produksjonen.

— I Chile, der berre Marine Harvest og Fjord Seafood er representert, står sel-skapa for 20 prosent av produksjonen.