• Oppdatering kl. 18.04: Måndag ettermiddag fekk tippeselskapet endeleg kontakt med Kvinnherad-mannen, ein eldre kar som inntil då var uvitande om premien. Norsk Tipping nådde til sist mannen på mobiltelefon, han blei kjempeglad, men fortalte at han ikkje ønskjer blest rundt millionvinsten. Norsk Tipping gjorde måndag og i helga fånyttes forsøk på å koma i kontakt med Kvinnherad-mannen som laurdag vann 5,2 millionar kroner i Lotto.

— Det viser seg at telefonnummeret vedkomande sjølv har oppgitt til oss ikkje er i bruk eller er feil. Han er heller ikkje registrert i Telefonkatalogen. Dermed er det lite vi kan gjera, utan å venta på at han tek kontakt med oss, seier Roar Jødahl, kommuneikasjonsrådgjevar i Norsk Tipping.

- Vi er nyfikne - Vi er óg nyfikne på kven det er. Ingen har gitt seg til kjenne i butikken, seier Erlingur Nielsson, dagleg leiar i Spar-butikken på Seimsfoss i Kvinnherad. Det var her den nybakte millionæren kjøpte Lotto-kupongen.

— Pengane får han jo uansett, i og med at han har oppgitt kontonummeret sitt. Det er ikkje uvanleg at folk sjølve tek kontakt når det brått og uventa dukkar opp nokre millionar kroner på kontoen, seier Jødahl i Norsk Tipping.

Odding også

Ein mann frå Odda var den andre toppvinstvinnaren i Lotto laurdag, i tillegg til ei dame frå Akershus.

Oddingen ante ingen ting om storvinsten då tippeselskapet ringte han laurdag kveld.

— Er du sikker på det? Dette høyrest litt for utruleg ut, sa mannen, som er i 20-åra. Etter grundig sjekk av kupong og kvittering fekk han stadfesting på vinsten, og barut ut: «Fantastisk! Ikkje til å tru!»

Sambuaren var enno ikkje overtydd.

— Ikkje fint å spøka med slike ting, sa ho strengt.

— Eg må nok få pengane på konto før eg greier å overtyda henne, lo mannen. Som røpte overfor Norsk Tipping at vinsten kjem vel med no når paret hadde planar om å kjøpa nytt hus.

Toppvinsten kom etter Lotto-spel via Norsk Tipping sine nettsider.

- Dårleg butikk - Vi har rekna ut at det er betalt ut meir i premiar på spel herfrå enn det vi har teke inn på tippinga. Så dette må vera dårleg butikk for Norsk Tipping, spøkar butikkinnehavar Erlingur Nielsson på Seimsfoss.

For halvtanna år sidan gav ein VikingLotto-kupong kjøpt på Spar Seismfoss 1,6 millionar kroner i premie, fortel Nielsson.

Den 49-årige eks-offiseren i Frelsesarmeen på Island overtok drifta av nærbutikken på Seimsfoss i 2005.

Lottomillionær nummer 601 Dei to karane frå Kvinnherad og Odda er millionvinnar nummer 600 og 601 i Hordaland.

Hordaland er på tredjeplass blant fylka med flest vinnarar over ein million kroner på alle spel i Norsk Tipping, etter Akershus (642) og Oslo (626).

Aller størst vinnarsjanse er det i Finnmark, der det sidan 1978 er 19,5 millionvinnarar pr. 10.000 innbyggjarar. Her er Hordaland nede på 11.plass blant fylka, med 12,8 spelmillionærar pr. 10.000 innbyggjarar.

Odda står no registrert med 13 vinnarar over millionen, Kvinnherad med 17.