– Dei veit at vi ikkje er her for å spolera festen, men sikrar at ingen blir liggande att sanselaus i nattekulden, seier utekontaktane Terje Rogne og Ole Opkvitne.

Natteramnar også Ungdommar helsar muntert på dei under vandringa i Prestegardsmoen, parkområdet ved Vangsvatnet der ein stort sett får festa i fred. Her er mange samla i større og mindre grupper, med og utan russekjeledress, kveldane og nettene før den syttande.

– Også Natteramnane på plass, og i år vil også Raudekrossen ha patruljer ute natt til 17. mai, fortel Rogne.

Alkohol dominerer – Er det alkohol eller dop som er problemet?

– Alkohol er det klart dominerande rusmiddelet på Voss, også blant unge, men eg vil nødig karakterisera det som eit problem. Dei aller fleste drikk ikkje meir enn dei kan takla. Berre unntaksvis blir det hive innpå så mykje at fest blir til alvor. Då er det viktig at nokon held eit auga med dei, seier Ole Opkvitne.

Dei to er innstilt på å halda seg gåande i moen, på Vangen og i dei næraste omgjevnadane til det gryr av nasjonaldag.

ARNE HOFSETH