— Utslepet til feltet vil skje i løpet av juni månad, seier Ole Anders Skauby, som er Statoils informasjonssjef for Gjøa-prosjektet, til Aftenbladet.no.

Han legg til at produksjonsstart på Gjøa-feltet vil likevel kunne skje i løpet av fjerde kvartal i år, seier Skauby.

Utslepet frå Stord til feltet blir dermed forseinka med mellom fire og seks veker. Det skal vera etter etter ein rutinemessig test og etter gjennomføringa av eit verifikasjonsprogram som Det norske Veritas har utført at ein er kom fram til at endringar må gjerast i skrogkonstruksjonen.

— Me vil sikra oss at skroget skal kunne tola dei mest ekstreme påkjenningar, seier Skauby. Difor har me avgjort at i visse sonar i dei fire beina på understellet skal rom delast av med fleire skott.

Skauby seier vidare at arbeid som var planlagt skulle bli gjort ute på feltet, nå vil bli gjort medan Gjøa ligg ved kai hos Aker Solutions

Fem skip ledige Gjøa har for nokre dagar vore ute Klosterfjorden søraust for Stord på prøvetur. I alt fem ankerhandteringsskip frå reiarlaget Maersk var hyrt inn til å bistå under slepet av Gjøa. Desse fem fartøya er melde ledige og finst oppført på lista over ankerhandteringsfartøy som vil konkurrera om oppdrag i spotmarknaden.

Det er Statoil som er ansvarleg for Gjøa-prosjektet i byggetida , medan Gaz de France Suez skal overta operatøransvaret når installasjonen er klar til produksjon på feltet.

Informasjonssjef Ulf Rosenberg i Gaz de France Suez, seier at det er synd med denne forseinkinga.

— Men me held oss til det som operatøren Statoil seier om at dette ikkje vil seinka oppstart av produksjonen, seier Rosenberg.

Aker Solutions er entreprenøren og leverandøren av Gjøa. Aker Solutions har designa skroget og dekket, bygt dekket og montert plattforma saman. Sjølve skroget er bygt i Korea hos Samsung-verftet. Ombyggingane inne i skroget skal likevel gjerast hos Aker Solutions på Stord..

Tillegsrekninga - Kven skal ta rekninga for meirkostanden ved ombygginga?

— Slike tilfelle er regulert gjennom kontrakten mellom Statoil og Aker Solutions . Meir kan eg ikkje kommentera rundt dette, seier Skauby i Statoil.

Olje- og gassfeltet Gjøa ligg i blokkene 35/9 og 36/7 i den nordlege delen av Nordsjøen. Feltet blei påvist i 1989. Plan for utbygging og drift (PUD) blei levert i desember 2006. Statoil er operatør for utbyggingen av Gjøa, mens GDF Suez overtar operatørskapet ved produksjonsstart. Oktober var tidlegare opplyst frå Statoil som månad for produksjonsstart.

Reservane er rekna til 82 millionar fat olje og kondensat og 40 milliardar kubikkmeter gass. På Vega, nabofeltet, er utvinnbare reservar vurdert til å vera 26 millionar fat kondensat og 18 milliardar kubikkmeter gass.

Gjøa blir Statoils første flytande plattform som skal forsynast med kraft frå land gjennom ein særskilt 100 kilometer lang straumkabel. Kraftkabelen går frå industriområdet Mongstad med nytt gasskraftverk.