— I to månader i vinter har me gått og tenkt på rasfaren. Kvar dag må me ta stilling til om me vågar å senda ungane på skulen eller ikkje. Det er ikkje bra å gå og vera halvredd heile tida. Eg trur det verkar inn på vår psykiske helse, seier Oddveig Reiseter, mor til Maria Elena og Johannes som blei haldne heime frå ungdomsskulen på Hauso i går.

Fekk huset knust

Familien Reiseter på Bleie i Ullensvang fekk i 1994 føla på kroppen kva krefter eit snøras i Hardanger kan ha. Huset deira knust i eit skred som også tok fleire bustader på Bleie. Utruleg nok omkom ingen personar. Fjellsida er no rassikra.

— Ungane var nær oss i huset då det skjedde, og me har bearbeidd opplevinga grundig. Faktisk blei dei haldne heime frå barnehagen grunna rasfare, fortel Oddveig Reiseter. Familien har bygt nytt hus på same tufta.

30 elevar i bussen

— Eg er ikkje redd, men eg ser opp mot fjellsida når me køyrer forbi, seier Maria Elena om dei daglege turane til skulen lenger ute i fjorden.

Bussen med opptil 30 elevar inni må passera tre særs skredfarlege område; Bruhaug- og Grindanes-skredene og den berykta Velure-skreda. Det er her folket på vestsida av Sørfjorden i årevis har etterlyst større rassrikringsinnsats på riksveg 550.

— I samband med revidert nasjonalbudsjett i mai i fjor blei 20 millionar kroner øyremerkt Velure. Pengane blei i staden nytta til utbetring av riksveg 13, seier rektor Kåre Grønsnes på Vikebygd skule.

På Vikebygd barneskule på Nå kom 27 av 58 elevar ikkje på skulen i går. Då det ikkje var båt å oppdriva, var rektoren sitt råd at elevane heldt seg heime og gjorde skulearbeid der. I dag får Vikebygd- og Hauso-elevane tilbod om båtskyss.

- Stoppar opp

— Mykje stoppar opp i bygdene når situasjonen er som dette. Kulturlivet blir hemma, og me blir luta leie. Det er så mange politikarar som ikkje held lovnadane sine, seier Jon Reiseter, fruktbonde på Bleie.

— Eg stolar berre på meg sjølv når eg vurderer skredfaren. Samferdsleministeren sitt framlegg om varslingsanlegg har eg ikkje tru på, meiner Oddveig Reiseter, kona til Jon.

HEIMESKULE: Maria Elena Reiseter (14) fekk føla snøskred på kroppen i 1994. Ho seier at ho ikkje er redd lenger. I går blei ho og broren haldne heime frå skulen grunna skredfare.
FOTO: KNUT EGIL WANG