— ER DE KLARE FOR REKTOR? spør vertane frå scena. Det lyd eit overveldande brøl frå publikum. Det tyder ja. Festivalpublikummet er verkeleg klare for Rektor, og då bandet entrar scena skulle ein tru at lydnivået umogleg kunne nå noko høgare. Suggerande rytmar og svevande synth opnar showet, eller festen, om du vil.

Etter kvart valsar vokalisten inn. Ho syng å, så nydeleg på både balladar og up-beat-låtar. Ho er forresten ikledd svart skinnskjørt.

Festivalgåarane skjemmer nesten bort bandet med tight klapping, song og fridans. Ein skal leite lenge etter eit like oppegåande og oppbackande publikum. Sjølv har eg aldri vore på konsert med Rektor før, og var på førehand spent på dei ”hjulbeinte gitarriffa” og ”kosmiske synth-tåker” ein ifølgje nettsida skulle få servert. Heilt ærleg merka eg ikkje så mykje til dei. I heilskapen skilde enkeltmedlemmane seg ikkje noko særleg ut, men saman skapte dei eit lydbilete som tålte sjølv knekken i det elles teknisk perfekte lydteamet sitt arbeid.

Til trass for det forstyrrande elementet som lydproblema utgjorde undervegs, klarte Rektor å halde stemninga oppe, og dei leverte kvalitetsmerka elektronika-rock med sjølvsikker mine. Fordi eg har liten kjennskap til sjangeren kan eg ikkje bedømme musikken med like sjølvsikker mine, men publikum gav ein massiv tommel opp til konsertopplevinga. Rektor lova fest – vi fekk fest.

Foto: Veslemøy Furuseth
Foto: Veslemøy Furuseth