Onsdag 16. april kl. 1900 i Osasalen, Ole Bull Akademiet.

Tradisjonsspel på høgaste nivå

Tidlegare i haust kom felespelaren John Ole Morken med sin fyrste solo-cd: ”Slåttemusikk fra Sør Trøndelag – slåttar fra Hessdalen, Haltdalen og Ålen”. Utgjevinga har fått flotte anmeldingar, og onsdag vitjar Morken Voss Folkemusikkscene i Osasalen på Ole Bull Akademiet. Med seg har han Olav L. Mjelva på gitar og fele.

John Ole Morken er i dag busett på Lofthus i Hardanger, men røtene sine har han i Sør-Trøndelag. Han brenn for tradisjonsmusikken, og har gjort eit stort arbeid med å samla inn musikk frå lokale kjelder på heimstaden sin.

Dette har han fått mange stipend og utmerkingar for, og han har og topp-plasseringar frå ulike kappleikar. Fleire av slåttane på den nye utgjevinga har aldri vore utgjeven tidlegare, og materialet spenner frå drivande polsar til vakre salmetonar. John Ole Morken er ein særs god formidlar, og han har stor kunnskap om slåttane og historiene kring dei. Dette gjer konsertar med Morken til ei oppleving utanom det vanlege.

Både John Ole Morken og Olav L. Mjelva som han har med seg på konserten er tidlegare elevar ved Spelemannskulen på Ole Bull Akademiet. Begge jobbar i dag som profesjonelle musikarar.