Til alvorstung musikk frå Schindlers liste går dei fram og tenner kvar sitt lys. Det er ein dag for ro og ettertanke. 27. januar 1945 vart konsentrasjonsleiren Auschwitz frigjort av sovjetiske styrkar. Den siste veka har rundt 330 elevar — alle 7. klassane får Fjell, Sund og Øygarden - reist til Telavåg for å markera Holocaustdagen. Dagen vert markert over store delar av verda 27. januar.

Direktør ved Nordsjøfartmuseet , Egil Christophersen, har kort fortalt om det som truleg er det største brotsverket gjennom tidene. Det ufattelege på fredelege snødekte Sotra i 2004; at seks millionar menneske vart drepne i utrydelsesleirar. Museumsdirektøren har fortalt om Anne Frank, og dagboka hennar.

Tungt alvor

— No skal vi tenna lys for Anne Frank og alle jødane som vart drepne under 2. verdskrigen. Og så skal vi tenkja på alle dei som er utsette for forfølging, berre fordi dei er annleis, sa Christophersen.

Museet veit at dei driv risikosport. At det fort kan bli rabalder når dei inviterer så store grupper med ungdom i hus. Nokre jenter på bakarste benk fniser litt.

— Skal alle opp og tenna lys??? Ein gut sukkar meir enn tungt då det går opp for han at dette kjem til å ta tid. Men dei aller fleste er prega av alvoret. Dei likar ei roleg stund i ein elles oppkava skulekvardag.

Interesse for Hitler

Etter lystenninga er det meir informasjon om Holocaust, og om jødane som vart arresterte i Norge og Bergen. Spørsmåla er mange:

— Kva skjedde med Hitler?

— Trudde ikkje jødane at dei skulle dusja då dei gjekk inn i gasskammeret?

— Var ikkje Hitler eigentleg austerrikar?

— Eg har høyrt at Hitler sjølv hadde ei bestemor som var jøde?

— Er det sant at dei tok håret av dei som vart sende i gasskammeret?

— Ja, dei tok det til stopp i dyner og puter.

— Nei, huff.

Så er det tid for filmen om Anne Frank. Historia til denne ungjenta som for alltid har gitt offera for Holocaust eit andlet.

— Tenk på Anne Frank, som etter alt det ho hadde opplevd, framleis kunne tru på det gode i menneske. Og så spør de gjerne kva vi kan gjera i dag? Vi må ha respekt for dei som er annleis! seier Christophersen.

Vil sjå meir

I matpausen etterpå er stilt. Mange av elevane har fått noko å tenkja på. Tung informasjon i konsentrert form. Nokre av gutane har fått auga på torpedoen, og eit maskingevær i den faste utstilling.

— Kan vi få sjå på det no?

— Nei i dag skal vi konsentrera oss om Holocaust, men de er velkomne tilbake, seier Egil Christophersen.

— Tyskarane likar ikkje at vi snakkar om Hitler no, men det som skjedde var ikkje dei som lever no sin feil, seier ein av gutane og får støtte av museumsdirektøren.

Ute badar Sotra uskuldskvit i klart sollys.

<b>STERK FILM:</b> Linn Therese Johannessen og resten av klassen fekk eit sterkt møte med Anne Frank si historie på film.
Eirik Brekke
<b>LYS I MOBILEN:</b> Når mobilen oså kan fotografera går det an å få med eit minne om markeringa i Telavåg.
Eirik Brekke
<b>STERKE INNTRYKK:</b> 7. klassingane veit mykje om Adolf Hitler. Her fekk dei sjå han tala i filmen om Anne Frank.