I utgreiinga vert det sett nærare på mellom anna trafikkgrunnlag, kostnader, reisetid, nytte— og kostnadseffektar, konsekvensar for nærmiljø, natur og landskap, pluss ymse prognosar, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Planen vert lagt ut på desse stadene:

  • Kvinnherad kommune, rådhuset, Rosendal.
  • Jondal kommune, kommunehuset, Jondal.
  • Statens vegvesen Odda trafikkstasjon
  • Statens vegvesen Voss og Hardanger distriktsvegkontor, Voss.
  • Statens vegvesen Bergen distriktsvegkontor, Fyllingsdalen.

I samband med at konsekvensutgreiinga ligg ute til offentleg ettersyn vert det arrangert informasjonsmøte på desse stadene:

  • Grendahus på Flatebø i Nordrepollen 20. januar 2004 kl. 1800.
  • Ungdomshus på Torsnes 21, januar kl. 1800.

Statens vegvesen Region vest er tiltakshavar for konsekvensutgreiinga medan Vegdirektoratet er ansvarleg styresmakt. Innspela til konsekvensutgreiinga vert samla og eit forslag vert sendt til Vegdirektoratet for avgjerd.

Tidlegare har Hardangerbrua og Jondalstunnelen hatt parallell framdrift når det gjeld vegutgreiingar i Hardangerområdet. Desse prosjekta er no skilde ettersom Jondalstunnelen har ein strammare framdriftsplan og arbeidet med konsekvensutgreiingas for Hardangerbrua ikkje er sluttført. Statens vegvesen treng her meir tid til kvalitetssikring av trafikkdata og geologiske undersøkingar.