Eigarane fann ikkje grunnlag for vidare drift og har sjølv gått til skifteretten med selskapet.

Easy Connect Gloppen er eitt av selskapa som driv opplysningstenesta 1890.

Men i følgje NRK Sogn og Fjordane blir drifta av opplysningstenesta på Sandane ført vidare. Eitt eller fleire lokale selskap skal vere klare til å gå inn med ny kapital.

Dei tilsette er difor i arbeid, og utfører opplysnigstenestene som normalt i dag. Det er 20 årsverk ved 1890 i Nordfjord-kommunen.