Han fekk det travelt i går føremiddag, direktør Eivind Hansen, etter å ha lese ei pressemelding frå Helse Vest RHF. Der stod det at røntgenkapasiteten i Helse Bergen er for dårleg, og at Helse Vest no innleier drøftingar med private Sentrum Røntgeninstitutt for å redusere ventetidene.

Tok initiativ

Men også Diakonissehjemmet vil vere med i konkurransen. Derfor heiv Hansen seg straks på telefonen til Helse Vest. Få timar seinare hadde han skrive brev til det regionale helseføretaket.

— Vi har teke følgande initiativ overfor Helse Vest: Ved å auke vår kapasitet med ein legeheimel kan vi behandle 7000 ekstra pasientar i året, seier Hansen til BT.

Han viser til at Diakonissehjemmets Sykehus Haraldsplass er den største private, ideelle helseinstitusjonen i regionen, med røntgentenester over eit vidt spekter, samt undervisning av medisinerstudentar og forskingsaktiviteter.

— For oss er det viktig å kome kjapt på bana, og peike på at vi med enkle grep kan utvide kapasiteten vår, forklarar Hansen.

Hårsår?

— Er du hårsår fordi Helse Vest no skal forhandle med ein annan privat aktør, utan å ha vore i kontakt med Diakonissehjemmet?

— På ingen måte. Men vi har tenester å tilby, og vil vere med i konkurransen om bestillingar. Hvis vi kjem med eit betre tilbod, forventar vi å få tilslaget. Hvis ikkje, er det naturleg at andre får det.

I pressemeldinga står det også at Helse Vest ber Helse Bergen vurdere om røntgentenester kan inngå som ein del av driftsavtalene, som i desse dagar blir inngått med private sjukehus. Eit av dei er Diakonissehjemmets sykehus Haraldsplass.