Også på Sørlandsbanen vil NSB måtte tevla med andre jernbaneselskap om retten til sporet.

Dette vil gå fram av forslaget til Nasjonal Transportplan som samferdsleminister Torild Skogsholm legg fram fredag.

Pakkeløysing

Gjøvikbanen skal nyttast som prøveklut for den nye ordninga med konkurranseutsettinga av norsk jernbanedrift med utlysing alt i vår — ei rolle som også var tiltenkt Vossebanen.

— Vossebanen vil i staden gå inn i pakken for Bergensbanen der tilbodsvinnaren neste år skal køyra både fjerntoga til Oslo og lokaltoga til Arna, Voss og Myrdal på eit visst åremål, opplyser ekspedisjonssjef Knut Rønning til Bergens Tidende.

I går sa samferdsleminister Torild Skogsholm i ein tale til Jernbaneforum 2004 at også vintertrafikken på Flåmsbana skal vera med i «pakken».

For puslete

Store passasjergrupper ville fått sterkt redusert tilbod om dei miste sitt frie val mellom lokaltog og fjerntog til og frå stasjonar som Voss og Myrdal. Men ein konkurrent til NSB ville gitt Staten beste tilbodet med einerett på strekninga. Dette har vore departementet si kattepine. Dei har hatt store vanskar med å utforma tilbodspapir, og tilbodsutlysinga har lete venta på seg.

Gjennom Bergens Tidende har fleire uttalt at konkurranseutsetjing av Vossebanen blir for puslete, sjølv som prøveklut. Dette har også departementet fått erfara i sine følarar mot store internasjonale jernbaneaktørar som kan tenkast å gje tilbod. Statsråd Skogsholm seier til Aftenposten at ho trur det blir lettare å få til gode trafikkopplegg og skapa interesse for Noreg hjå dei store jernbaneselskapa i Europa, ved å gå rett på dei store banestrekningane.

Skepsis

Meldinga om konkurranseutsettinga er møtt med skepsis blant dei tilsette i NSB. Norsk Jernbaneforbund fryktar dårlegare løns- og arbeidsvilkår.

For leiinga i NSB kan tilbodsutlysing så tidleg som neste år ha kome brått på, men dei har vore innstilt på konkurranseutsetjing. Det gav direktør Arne Wam uttrykk for då NSB bad om 100 millionar kroner i statsstøtte til nattoga før statsbudsjettet vart lagt fram i fjor haust.

NSB fortalde då at Bergensbanen etter ny utrekningsmetode ikkje var lønsam, og sannsynlegvis aldri hadde vore det. Før var Bergensbanen framstilt som ein lønsam jernbanestrekning.

På Myrdal har Bergensbanen samband til den for lengst privatiserte Flåmsbana, der trafikken har auka sterkt, og passerte i fjor 417.000 reisande. Bergensbanen har derimot hatt nedgang dei siste 12 åra, og fekk i fjor sitt lågaste passasjertal over teljepunkt Finse på 30 år.