Den høgthengjande utmerkinga blei delt ut i Førde no i føremiddag, i samband med eit miniseminar om norsk kulturpolitikk i Sogn og Fjordane.

Osland var fylkeskultursjef i Sogn og Fjordane frå 1979 til 2004, med unntak av ein periode på tre år då han vikarierte som direktør i Norsk kulturråd. Etter at han takka av som fylkesdirektør for kultur, har han vore tilsett som spesial-rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkes-kommune.

Osland fylte 70 år 7. januar. Han sluttar i rådgjevarstillinga 1. mars.

Sjå også kommentar av kulturredaktør Jan H. Landro.

FIKK KONGEHEDER: Lidvin Magnus Osland