- Blir det forbod, blir det krig mot Russland, sa kongen.

Den franske sakførarsonen som blei konge av Norge og Sverige i 1818, likte dårleg utviklinga i landet med meir og meir makt til bønder, mindre og mindre til ­embetsmenn og adel. Men Stortinget heldt fram med å fullføre arbeidet som starta på Eidsvoll i 1814.

I den norske grunnlova låg frå 1814 eit grunnleggjande likskapsprinsipp. Men sidan eidsvollsfedrane ikkje ønskte generelle prinsipp i grunnlovsteksten, ser ein det ikkje direkte. Av dei 11 grunnsetningane som først blei vedtatt på Eidsvoll, gjaldt to likskap:

Krav om allmenn verneplikt, eit sterkt og omstridd krav.

Forbod mot nytt adelskap.

Begge blei altså vedtatt og ført vidare i sjølve grunnlovsteksten. I § 23 sto det: «Ingen personlige eller blandede arvelige Forrettigheder tistaaes Nogen for Eftertiden.»

Det var eit forbod mot fram­tidig adelskap.

Nekta å sanksjonere

Men i Noreg fanst alt ein liten adel med grev Wedel Jarlsberg i spissen. Andre adelsmenn var Severin Løvenskiold, og for den saks skyld òg Christian Magnus Falsen. Kva skulle skje med den eksisterande adelen?

Falsen sa frå seg adelskapet sitt på Eidsvoll i 1814, men ingen andre følgde han. Riksforsamlinga vedtok at spørsmålet om oppheving av eksisterande adelskap skulle opp på det første ordentlege stortinget i 1815. Då blei det vedtatt å oppheve den eksisterande adelen, med rimeleg overgangsordning. For at eit lovvedtak skulle bli bindande, måtte det sanksjonerast av kongen.

Han sa nei.

På stortinget i 1818 vart lovvedtaket gjentatt, men kongen sa nei igjen. I Grunnlova var ordninga at dersom tre etterfølgjande storting gjorde same vedtak, blei det lov sjølv om kongen framleis nekta å sanksjonere. Kongen hadde berre utsetjande veto.

Ønskte fleire adelege

LANG FERD MOT TAP: Kong Karl Johan laug han då trua Stortinget med krig mot Russland. Han ønskte å kunne adle nye menn, truleg for å knyte dei til seg.

I 1818 døydde kong Karl 13. og ny konge blei Karl Johan, som hadde vore kronprins, hærførar og forhandlar i 1814 då unionen med Sverige blei inngått. Karl Johan var heilt frå 1814 sterkt opptatt av adelssaka. Hausten 1814 hadde han prøvd å få forhandla adelsforbodet ut av Grunnlova. Han ønskte å kunne adle nye menn, truleg for å knyte dei til seg. Men det hadde ikkje gått gjennom.På det tredje stortinget, i 1821, toppa konflikten seg. Kongen gjorde først framlegg om at Stortinget skulle utsetje vedtaket om adelslova. Han ymta om at stormaktene ikkje ville like eit vedtak som oppheva adelen. Den 30. mars skreiv han at han ikkje ville oppfylle sin kongelege plikt mot «Sit Norske Folk» om han ikkje underretta representantane om følgjene av vedtaket dei var i ferd med å gjere: Det ville ikkje bli sett på med likegyldigheit eller tausheit av fremmede makter.

Vedtaket ville altså føre til krig mot Russland, sa kongen og samla ein tropp på 3000 norske og 3000 svenske menn i lystleiren på Etterstad. Det ville få Stortinget på betre tankar, meinte kongen.

Vedda om krigsfaren

I tillegg varsla kongen at det trongst pengar til mobilisering dersom det vart gjort lovvedtak. Då var det tale om store summar: Ein million spesiedalar for å setje det norske forsvaret i stand.

FEILSLÅTT MOBILISERING: Kong Karl Johan installerte 6000 soldatar i lystleiren på Etterstad i Oslo i 1821 for å skremme Stortinget til å droppe forbodet mot norsk adel. Flagga viser dei ulike kompania.

Den leiande bonderepresentanten Jacob Hoel meinte at det ikkje var grunn til å tru på rykta. Han sa at det nesten var umogeleg å tenkje seg at «nogen af de store Magter skulle paaføre os Krig for nogle faa adelige Familiers Skyld, ja end ydermere for disses ufødte Afkom».Det var berre dei siste adelsforbodet ville råke direkte.

Så langt gjekk det at to representantar vedda om krigsfaren. Den tidlegare statsråd Carsten Tank frå Halden vedda 300 dalar med stortingsrepresentanten Jørgen Young (han vedda 100 dalar i mot) om at dersom ­adelen blei oppheva, ville det raskt bli krig mot Russland.

Tank hadde klokketru på kongen. I Stortinget viste han til det han kalla kongens landsfaderlige omsorg for Noregs sanne vel, og han innsiktsfulle vurdering i forhold til Europas stormakter.

Kongen tapte

Men var det nokon slik trussel?

Nei. Den var noko Karl Johan fann på for å hindre tredje gongs lovvedtak. Og kongen tapte. Odelstinget vedtok med stort fleirtal å oppheve eksisterande adel.

Men for at eit lovvedtak skulle skje i Stortinget, måtte òg ­Lagtinget vedta forslaget. I tida før partiinndelingane av Stortinget var det ikkje gitt at Odelsting og Lagting stemte likt. I Lagtinget sat typisk fleire embetsmenn og andre med høgare sosial rang.

Det blei uhyre spennande.

Men etter ein lang debatt blei det klart at Lagtinget stemte 10-8 mot å utsetje saka. Dermed vart oppheving av adelen vedtatt for tredje gong.

Full heilomvending

Kva skulle no kongen gjere? Å la lovvedtaket bli lov utan sanksjon, ville vise verda at folke­suvereniteten stod så sterkt i Noreg at lover kunne bli til utan kongeleg medverknad. Slik var det ikkje i nokon andre land. ­Ein slik demonstrasjon ville ikkje kongen sjå. Dermed fann han eit påskot for likevel å sanksjonere lova i 1821. Samstundes gjorde han framlegg om grunnlovsendring for å innføre adel igjen.

Etter reglane om grunn­lovsendring må eit framlegg leggjast fram på eit storting for å behandlast på neste. I 1824 kom det nye grunnlovsframlegget opp saman med ei rekkje andre framlegg frå kongen for å gjere Grunnlova meir ­«moderne». Det vil seie mindre demokratisk og meir i tråd med dei monarkiske ordningane som var blitt det nye i Europa etter Napoleons fall i 1814 og avslutninga av ­Wien-kongressen i 1815. Men alle framlegga vart forkasta, og Stortinget heldt fast ved 1814-vedtaka.

Dømt til å betale veddemål

Men blei det krig med Russland?

Sjølvsagt ikkje.

Kva med Tanks veddemål?

Han tapte så klart, men ville ikkje betale.

Jørgen Young var ikkje den som let ein mann som Tank, som tilhøyrde den gamle trelast­overklassen, døy i synda. Han saksøkte Tank og køyrde saka heilt til Høgsterett, som i 1826 dømte Tank til å betale. I tillegg måtte han dekkje Youngs sakskostnader og betale bot til staten for «unødig Trætte». Til saman 490 spesiedalar. Det var mykje pengar. Tanks årlege statsrådspensjon var til samanlikning på 800 spesiedalar.

Det var prisen for å stole på ein konge som var villig til å bruke sterke løgnaktige verkemiddel for å prøve å hindre at det norske samfunnet blei meir egalitært. Men Stortinget stod på sitt i lojalitet til Grunnlova.

Siger for odelsretten

Kongen ville ­oppheve odelsretten, men ­mennene på Eidsvoll sa nei.

Vedtaket i Riksforsamlinga ­i 1814 blei eit særleg sterkt uttrykk for likskapsprinsippet i Grunnlova. Odelsretten var og er ein rett for slektningar til å krevje tilbake gardsbruk som er blitt selde ut av familien. Den skulle hindre at jorde­godset blei samla på få hender; det ville øydeleggje den norske bondestanden. Mange på Eidsvoll såg bondefridomen som ei viktig historisk linje i Noreg. Dette var eit prinsipp ikkje berre om formell, men reell likskap.

I strid med marknadsteori

I dei økonomisk meir liberale tidene før 1814 ville kongen i København, eller i alle fall hans embetsmenn, innskrenke og helst oppheve odelsretten. Kongen og embetsmennene meinte hindringar på fri omsetning av jord var i strid med moderne marknadsteori. Men i staden for å følgje den moderne tendensen, vedtok Riksforsamlinga forbod mot å oppheve odelsretten.

Frykt for den rike mann

Det interessante er grunn­givinga. Den blei særleg gitt av kaptein Ole Elias Holck, ein viktig, men litt gløymd eidsvollsmann frå Sogn. Han sa at det ikkje var nok å avskaffe rettar folk har arva. «Den rige Mand behøver ikke disse for at komme i Besiddelse af Landeiendommene», sa sogningen. Om så skjedde, ville den rike mannen litt etter litt innskrenke bondestandens fridom og rettar, meinte ­sogningen.