Sveinung Klyve (tekst og foto)

Eg er på plass på tiurleiken i Herresåsen på Voss. Som vanleg er leiken i gang her i slutten av april. Området er snødekt, og eg må gå på ski innover. Vel framme fortel masse spor etter føter og venger i snøen at tiuren er på bakken og i fullt spel.

Kvar tiur har sitt vesle område og haug som han vernar om — sitt territorium -som han verkeleg slåss for. Ja, bokstavleg på liv og død, for på ei snøfonn på ein slik haug finn eg ein død tiur. Han har tydlege spor etter hakking i nakken frå ein rival som har komme inn og overteke området. Dette er ein godt vaksen fugl som har fått krefter nok til å ta «gamletiuren» av dage, men det har nok vore ein tøff kamp før det heile var over.

Eg set opp kamuflasjeteltet sju meter unna den døde fuglen og legg meg inn for natta, for å sjå på spelet neste morgon.

Alt i 22-tida om kvelden brasar ein tiur inn og set seg i eit tre ved teltet. Alt vert stille, og eg sovnar. Tiuren søv i treet, slik han alltid gjer for å ikkje verta eit lett bytte på bakken. I mørket i firetida hoppar han ned på bakken og byrjar å spela. Det byrjar å ljosna litt i femtida, og eg skimtar snart det som eg hadde håpa på, men ikkje trudd kunne skje.

Intenst spel oppå rivalen

Oppå den døde tiuren sit den levande og spelar for full hals. Så hoppar han ned på bakken og tek ein runde rundt teltet mitt, der vengene stryk teltduken og eg kunne teke han om halsen dersom eg ville. Han går oppå rivalen, bit han i nakke og rygg og ristar han skikkeleg for å vera sikker på at han er død. Slik held han på i fem timar, der han kvart tiande minutt er på ryggen til rivalen.

Litt lenger unna er det fleire tiurar som spelar og nærmar seg «min tiur», som truleg er vorte «sjefstiuren». Dette spelet er ein kurtise og dans med lydar, springing og flaksing for å jaga unna rivalar og få lokka til seg hoa (røya), slik at han får para seg med henne.

Ei røy er nede på bakken, og det vert liv i leiken. Fleire tiurar er på veg, men ho spring unna og flyg snart bort. Så ebbar spelet ut i nitida på formiddagen. Tiuren sit og beitar i trea.

Det kokar på leiken

Neste natt er eg på plass att i kamuflasjen. Tiuren kjem om kvelden på nattekvist, og i firetida er han på bakken. No er han berre eit par gonger oppå ryggen på rivalen, men spelar aktivt like rundt den døde. Sju andre tiurar er svært aktive i eit område på ca 100 meter, og når det kjem inn fire røyer som set seg i treet like ved teltet mitt, kokar det på leiken. To tiurar slåss så det smell i skogen, og «min» tiur tek eit raid bort mot desse saman med ein annan, men er snart attende for å passa haugen sin.

To røyer sloss om å få para seg med sjefstiuren, som stig opp på ryggen av dei etter tur. Det heile tek åtte-ti sekund, og så flyg røya bort frå leiken. Ho er ferdig på leiken for i år, men for tiuren kjem enno mange netter med spel utover i mai, før han gjev seg etter ein heil månad med hektisk kurtise - ei urkraft som er nedarva, som så mykje anna fantastisk i naturen.

DET VAR DET: Paring finn stad på haugen og tek berre 8-10 sekund. Så flyg røya bort og lagar reir og legg egg. Ho er ferdig på leiken for i år. <p/> Sveinung Klyve (foto)
FULL SIGER: Sjefstiuren sit på sin døde rival og spelar for full hals.<p/> Sveinung Klyve (foto)
KLEDD FOR KAMP: Nærbilde av tiuren sitt hovud viser eit svært kraftig nebb, raude augebryn og hakeskjegg.<p/> Sveinung Klyve (foto)
HEILT SJEF: Her er det inga tvil om kven som er konge. <p/> Sveinung Klyve (foto)