Om sju dagar er det hundre år sidan bestefaren, Haakon 7, offisielt opna banen som han kalla «vårt slektsledds storverk». Det skjedde på Voss stasjon, og der syter jernbanepensjonistane og gode hjelparar for ei markering på hundreårsdagen.

**Les også:

Det gjeld å halda kjeft**

Høgdepunkt

Den spenstige framsyninga i Grieghallen, med etterfyljande middag for jernbanefolket saman med Kongen, var likevel høgdepunktet i ei rekke markeringar gjennom jubileumsåret. Mange notabilitetar var innbedne, men dette var først og fremst ein fest for tilsette og pensjonistar i NSB, CargoNet og Jernbaneverket, med fylje.

Konferansier Arne Hjeltnes sytte sjølvsagt for at heimbygda fekk sin i multimedieshowet. Men dei fleste områda langs banen var representert innimellom kunstnarlege og verbale innslag.

Heider

Statsråd Kleppa heidra jernbanefolket på Bergensbanen under høgtidinga i Grieghallen i går.

— Det er lett å kalla arbeidsfolka for 100 år sidan for heltar, men her er også i dag heltar som står på, sa samferdsleministeren, og takka alle som år etter år har stått på for å halda denne banen open til trass for krevjande vêrtilhøve.

Ho siterte frå diktet Utferdsdropa av Per Sivle, og heldt fram at Bergensbanen har gjort utferder mogeleg.

- Vital hundreåring

No vil statsråden sjå framover. Bergensbanen har vore forsømd i mange år. Likevel er det ein vital og livfull hundreåring. Landets beste turistbane, og kåra blant dei ti vakraste jernbanestrekningane i landet.

No skal banen rustast betre til å møta dei neste 100 åra. Lina skal forsterkast, det skal byggjast dobbeltspor og lengre kryssingsspor for godstoga.

Om Bergensbanen er det gjennom åra gitt ut ei lang rekke bøker. I kveld fekk dei frammøtte i Grieghallen ei flunkande ny praktbok som tidleg julegåve. Boka er skriven av Jan Helge Østlund, og er rikt illustrert med nye og gamle foto, og arkitektteikningar av bygningar langs lina.

ARNE HOFSETH